Kommunale frisklivs,- lærings og meistringstilbod for 2019

Søknadsfrist:
15. mars 2019 23:59
Målgruppe:
Personar med auka risiko for å utvikle samansette helseplager og kronisk sjukdom, og som har trong for å endre levevaner og til å meistre livet med sjukdom og plager
Ansvarleg:
Fylkesmannen
Kven kan søke:
Kommunar i Vestland
Rapporteringsfrist:
1. mai 2020 23:59

Etablering av frisklivstilbod, i tillegg til tiltak for førebygging og tidlig oppfølging av risikogrupper, vil bli prioritert.

Publisert 21.01.2019

Tilskotsordninga skal stimulere til oppretting og vidare utvikling av kommunale kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod som bidreg til å fremje fysisk og psykisk helse og førebygge sjukdom. Tilboda skal bidra til at brukarane lærer seg å meistre livet med sjukdom.

Krav til søknaden

Søknaden må vere underskriven av rådmannen eller tilsvarande og må innehalde:

  • Opplysningar om tiltak det blir søkt om tilskot til og kva som er føremålet.
  • Det må gå fram korleis brukarmedverknad skal gjennomførast i planlegging og drift. Det skal også leggjast vekt på likemannsarbeid.
  • Budsjett som viser kva utgifter det er rekna med til det aktuelle tiltaket, kor mykje kommunen sjølv eventuelt vil løyve og kor mykje det blir søkt om frå Fylkesmannen.
  • Ved interkommunalt samarbeid må vi få dokumentasjon for det forpliktande samarbeidet mellom samarbeidskommunane.
  • Namn på kontaktperson i kommunen, eventuelt referansenummer og kontonummer for innbetaling.

Søknaden skal sendast til fmvlpost@fylkesmannen.no.

Her finn de fullstending regelverk for tilskotsordninga.

Søknadsskjema og presisering av vilkår for tilskot finn de under fana "Dokument".

Rapportering for tilskot 2019

På grunn av utbrotet av Covid-19 er rapporteringsfristen endra frå 1. april til 1. mai 2020.

Søknadsfrist:
15. mars 2019 23:59
Målgruppe:
Personar med auka risiko for å utvikle samansette helseplager og kronisk sjukdom, og som har trong for å endre levevaner og til å meistre livet med sjukdom og plager
Ansvarleg:
Fylkesmannen
Kven kan søke:
Kommunar i Vestland
Rapporteringsfrist:
1. mai 2020 23:59