Råda om eigenberedskap er skjerpa

Naudsynte artiklar for å klare seg sjølv stabla opp på kvarandre på kvit bakgrunn
Foto: Gaute Gjøl Dahle / DSB.

God eigenberedskap er grunnleggjande for evna som samfunnet har til å handtere uønskte hendingar. 

Publisert 04.06.2024

DSB oppdaterte førre veke råda om eigenberedskap. Føremålet med dei er å hjelpe folk til å dekke dei mest grunnleggjande behova dei vil ha ved ei krise; varme og lys, mat og vatn, informasjon, legemiddel og hygiene. Viss flest mogleg er budde på å klare seg sjølv ved ei krise, kan beredskapsaktørane rette sine ressursar mot ivaretaking av kritiske samfunnsfunksjonar og dei som ikkje klarer seg utan hjelp.

Dei største endringane i råda er:

  • Tilrådd varigheit på eigenberedskap aukar frå minst tre dagar til ei veke
  • Meir detaljerte råd om tema som kritisk medieforståing og opphaldsstader i kriser
  • Nokre heilt nye tema: felles eigenberedskap og psykisk helse i kriser

Informasjon om dei oppdaterte eigenberedskapsråda finn ein på sikkerhverdag.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.