Råda om eigenberedskap er skjerpa
God eigenberedskap er grunnleggjande for evna som samfunnet har til å handtere uønskte hendingar.
Publisert 04.06.2024
DSB oppdaterte førre veke råda om eigenberedskap. Føremålet med dei er å hjelpe folk til å dekke dei mest grunnleggjande behova dei vil ha ved ei krise; varme og lys, mat og vatn, informasjon, legemiddel og hygiene. Viss flest mogleg er budde på å klare seg sjølv ved ei krise, kan beredskapsaktørane rette sine ressursar mot ivaretaking av kritiske samfunnsfunksjonar og dei som ikkje klarer seg utan hjelp.
Dei største endringane i råda er:
- Tilrådd varigheit på eigenberedskap aukar frå minst tre dagar til ei veke
- Meir detaljerte råd om tema som kritisk medieforståing og opphaldsstader i kriser
- Nokre heilt nye tema: felles eigenberedskap og psykisk helse i kriser
Informasjon om dei oppdaterte eigenberedskapsråda finn ein på sikkerhverdag.no.