Naturmangfaldlova
Naturmangfaldlova omfattar all natur, og gjeld for alle sektorar som forvaltar naturmangfald eller fattar vedtak som har konsekvenser for naturmangfaldet. Lova gjeld saman med andre lover som virkar inn på eller regulerer bruk av norsk natur. Lova gjeld på tvers av sektorar, og gir ei betre samordning av den samla forvaltninga av naturmangfaldet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Dei miljørettslege prinsippa
I naturmangfaldlova sitt kapittel II om reglar om berekraftig bruk er det gitt forvaltningsmål for naturtypar og artar, og det er stilt krav til at kunnskapsgrunnlaget skal leggjast til grunn for vedtak. Miljørettslege prinsipp som føre var, økosystemtilnærming og samla belastning, og at kostnader ved miljøskade skal dekkast av tiltakshaver, er gjennom naturmangfaldlova formalisert for alle tiltak og bruk som virkar inn på naturmangfaldet. Lova krev at vurderingane av desse prinsippa skal gå fram av vedtaket i den einskilde saka.
Naturmangfaldlova i planarbeidet
Det er avgjerande at naturmangfald og naturmangfaldlova sine krav til sakshandsaminga vert omhandla og vurdert i starten av planprosesen. Dette gjeld både for arealdelen til kommuneplanen (i planprogrammet) og for reguleringsplanar (i oppstartmøtet for private planar). I oppstartmøtet er det viktig at kommunen orienterer om krava i naturmangfaldlova, m.a. med tanke på at det for private reguleringsplanar er forslagsstillar som har ansvar for å framskaffe opplysningane/kunnskapen (jf. nml. § 8 om kunnskapsgrunnlaget).
Opplysningane om kunnskapsgrunnlaget er m.a. relevante for kommunen si vurdering av spørsmålet om konsekvensutgreiing, og kommunen si vurdering av korleis sakshandsaminga etter naturmangfaldlova skal vere. Eit godt oppstartmøte kan vere avgjerande for å kunne få til ein god og effektiv planprosess, eit planframlegg som er utarbeidd i tråd med gjeldande krav og som ikkje bryt med regional og nasjonal areal- og miljøpolitikk.
Naturmangfadlslova og planar med konsekvensutgreiing
Når det gjeld planar med konsekvensutgreiing, inneber ikkje naturmangfaldlova ei generell utviding av utgreiingsplikta. Krava ligg i KU-forskrifta i dag, men naturmangfaldlova tydeleggjer desse krava. For planar utan krav om konsekvensutgreiing skal vurderingane etter dei miljørettslege prinsippa (jf. §§ 8-12) gå fram av planomtalen. Det er viktig at kommunen ser til at naturmangfaldlova og konsekvensane for naturmangfaldet vert gjort greie for i planomtalen og at også vert forankra i kommunen si saksutgreiing ved offentleg utlegging og vedtak av planen.
Tidlegare Fylkesmannen i Sogn og Fjordane laga eit skriv med tittelen: Bruk av naturmangfaldlova i plan og dispensasjonssaker, og forholdet til KU-forskrifta - kunnskapsbasert arealforvaltning. Her er det skrive meir utfyllande om korleis vurderingane etter naturmangfaldlova skal inngå i arealdelen til kommuneplanen, reguleringsplanar og i dispensasjonssaker.
Kva følgjer får det viss naturmangfaldlova sine krav til sakshandsaminga ikkje er oppfylt?
Viss det ikkje er gjort vurderingar opp mot naturmangfaldlova og dei miljørettslege prinsippa i §§ 8-12 i saksutgreiinga, og det ikkje går tydeleg fram av vedtaket, er det ein sakshandsamingsfeil. Det er ikkje godt nok å berre vise til at prinsippa i §§ 8-12 er vurderte, men det må gå tydeleg fram korleis dei er vurderte.
Viss manglande eller mangelfull vurdering etter naturmangfaldlova har fått innverknad på vedtaket, og naturmangfald kan verte skadelidande, er dette grunnlag for motsegn/klage mot planar og klage i dispensasjonssaker.
For tema naturmangfald i reguleringsplanar vil også eventuelle behov for ytterlegare kartleggingar/feltundersøkingar (jf. kunnskapsgrunnlaget i nml. § 8) kunne få direkte innverknad på framdrifta i planprosessen, då eit eventuelt feltarbeid må tilpassast sesong/tid på året for aktuell naturtype og/eller art. Det er såleis heilt avgjerande at omsynet til naturmangfaldlova kjem tidleg inn i planprosessen, dvs. at kommunen orienterer om dette allereie i samband med oppstartmøtet for private reguleringsplanar slik at eventuelt påkravd feltarbeid kan gjennomførast inneverande feltsesong. Konsekvensen av å feile her kan i verste fall føre til at planprosessen kan bli utsett opp til eitt år i påvente av ny feltsesong.