Stad marine verneområde
Stad er ein av dei mest vêrharde stadane i landet vårt, og på slike ekstreme stadar dannar det seg heilt spesielle naturmiljø. Området er no verna for å ta vare på det verdifulle naturmangfaldet under overflata for framtidige generasjonar.
Den 20. desember 2024 vart Stad marine verneområde vedteke av Kongen i Statsråd. Vernet vil, mellom anna, medføre at hausting av stortare blir forbode i store delar av området. Det lokale engasjementet for marint vern på Stad har medført eit vesentleg større verneområde og med eit høgare restriksjonsnivå enn det som var utgangspunktet i 2017.
Statsforvaltaren i Vestland er forvaltningsmyndigheit for det marine verneområdet, som er det andre vedtekne marine verneområdet i fylket. Les gjerne meir om marint vern generelt i høgrefana.
Kva naturverdier finn vi i havet kring Stad?
Stad marine verneområde omfattar areal i kommunane Stad og Kinn, og området er ein god representant for dei ekstremt eksponerte delane av kysten. Området er 165 km2 stort. Farvatnet er relativt grunt med særeigne bølgjetilhøve. Det er nokre (undervass-) skjer i området, elles er farvatnet reint med ein sjøbotn som skrånar langsamt utover frå land.
Verneområdet utgjer den inste delen av kontinentalsokkelen kring Stad, og dei mest landnære areala har ei djupne < 50 meter, og ytst mot storhavet er djupna kring 200 meter. Sør for Stadlandet inkluderer området ei aust-vestleg djupvassrenne frå Djupeskallen og inn på nordsida av Sildegapet. Dei sentrale delane av renna er ned mot 300 meter djup. Langs nordsida av renna er det ei bratt skråning og på sørsida av renna er det mange små ryggar og åsar.
Området inneheld også førekomstar av sokne torvmyrar. Dette er eit element som er spesielt og sjeldsynt i Noreg, sidan dette er eit av dei få kystavsnitta der havet har trengt inn over land etter den siste istida.
Den livgjevande tareskogen
Tareskogen er å finne i store sammenhengjande delar av verneområdet, basert på resultat frå kartlegginga utført av NGU. Stortare trivst i grunne område frå 20-25 meter, heilt ned til 32 meters djupne. Forutan grunne og kjende blautbotnsområde og sandbankar ved til dømes Ervika, Hoddevika, Honningsvågen og Tungevågen er tareskogførekomstane i desse områda vurderte som svært viktige (A-verdi) grunna desse store samanhengande areala. Eit rikt dyre- og algeliv vart registrert i tareskogen.
Studiar har vist at over 100.000 organismar kan finnast på ein enkelt tarestilk. Stortareskog er eit svært produktivt og viktig økosystem som dannar livsgrunnlaget for ei mengde marine organismar. Stortare er også ein organisme som er svært effektiv til å lagre CO2. Sør for Stadlandet er det registrert flokkar på nokre hundre mytande ærfugl, noko som syner verdien tareskogen også har for fugl.
Ålegrasenger, sunkne torvmyrer og korallførekomstar er tre ønskje på ein gong
I ytre delar av Tungevågen er det registrert naturtypen ålegraseng. Ålegrasenga på denne lokaliteten vert vurdert som viktig. Den vert danna på mjuk mudder- og sandbotn, og er oppvekststad for mange artar. Ålegraset er ein blomsterplante, ein av dei få som lever i vatn. Den tek opp CO2 og lagrar karbon, demper bølgjer mot land og held sand og mudder på plass med røtene sine.
På 1930-talet fekk ålegrasenger på begge sider av Atlanterhavet ein soppsjukdom som førte til at 90 % av bestanden forsvann. Dette hadde store konsekvensar for produktiviteten i marine gruntvassområde i lang tid, og lokalbefolkningen som hadde fiske som næringsveg fekk dårleg med fangst i fleire tiår.
Under kartlegginga av sjøbotnen i verneprosessen oppdaga vi at det også var djupvasskorallar i området. Denne korallen heiter glas(s)korall, augne-/auge- eller øyekorall, men er også kjent som Lophelia pertusa, og vart registrert i djupe område i Sildegapet. Den er nær truga (NT) på den norske raudlista, fordi den berre veks 1 mm i året og er lett å øydeleggje om det kjem ein botntrål forbi.
Vi utvida kandidatområdet to gonger, og til slutt kunne vi tilrå eit område som var 46 % større enn under oppstarten. Utvidinga som inkluderte nasjonalt viktig stortareskog og korallområde ville ikkje ha vore mogeleg utan det store lokale engasjementet.
Føremålet med vernet for Stad marine verneområde
Føremålet med Stad marine verneområde er å ta vare på eit spesielt kystområde med trua, sjeldan og sårbar natur, og som representerer bestemte naturtypar av særskilt naturvitskapleg verdi. Det er ei målsetjing å halde naturen utan større grad av ytre påverknad, og området skal kunne tene som referanseområde for forsking, overvaking og aktivitetar som reketråling og tarehausting.
Stad er eit uvanleg vêrhardt område, der geologi og mangfald bêr preg av det. Mykje av det særprega biologiske mangfaldet er knytt til havbotnen, mellom anna korallrev, spesielle kalkalgar og store areal med tareskog. Dette er viktige oppvekst– og beiteområde for eit mangfald av marine artar. Verneføremålet knyter seg til vassøyla og sjøbotnen.
Forbod mot hausting av stortare vest for Stålet og sør for Stad
Verneforskrifta forbyr hausting av stortare i området sør for Stad og vest for Stålet. Aust for Stålet på nordsida av Stad er det opna for hausting av stortare. Ved å ha område med forbod mot hausting av stortare kan vi halde naturen utan større grad av slik ytre påverknad, og området skal då lettare kunne tene som referanseområde for forsking og overvaking.
Få konsekvensar i kvardagen for folk flest
Det marine vernet vil i liten grad påverke aktivitetane til folk kring Stad. Det er dyrelivet og vegetasjonen på og over havbotnen som er det primære verneføremålet. Friluftsliv kan halde fram som før, også i eit marint verneområde. Ein kan surfe, dykke, ferdast med båt eller andre fartøy, og nytte seg av ankringsplassar.
Fritidsfiske kan også halde fram som tidlegare, utan nye reguleringar. Fiske med passive reiskap (snøre, teine, ruse, garn, line) kan fortsette dersom dei ikkje fører til negative verknadar på verneverdiane. Bruk av snurrevad vil det også vere høve til fordi det er vurdert å ikkje påverke sjøbotn.
Restriksjonar på nye tekniske inngrep
Drift og vedlikehald av eksisterande anlegg og innretningar, som brygger, bruer, kablar og liknande vil vere lov. Vernestatusen vil derimot få konsekvensar for nye tekniske inngrep. Framtidige inngrep på botn vil i utgangspunktet ikkje vere lov. Dette gjeld uttak av massar som skjelsand, sand eller grus. Forvaltningsmyndigheita kan likevel gje løyve til mindre uttak av sand til eige bruk for tilgrensande grunneigarar dersom vilkåra er tilstades.
Det vil ikkje vere opning for dumping av massar, då dette kan føre til nedslamming av botn og vegetasjon og dyr som lever over/på botn. Nye inngrep som til dømes legging av kablar i utvalde korridorar eller oppføring av nye kaianlegg kan få løyve frå Statsforvaltaren i Vestland dersom tiltaka ikkje er i strid med verneføremålet. Dette gjeld også t.d. levandelagring av fisk. Ein kan også få løyve til å bygge molo eller bølgjedemparar for etablerte småbåtanlegg dersom det ikkje er i strid med verneføremålet. Sjå meir i verneforskrifta i høgrefana for kva som er lov og ikkje lov.
Vernegrensa går stort sett utanom private eigedomar
Vernegrensa følgjer normalt sett marebakken på 2 meters djupne. Det er unntak i område der det allereie er naturreservat på land som går ned til sjøen. I enkelte delområde vil også vernet inkludere tidevassona opp til normal flo, avhengig av verneverdiar.
Marint vern vil i avgrensa grad omfatte privat grunn. Staten eig området frå marebakken og nedover. Bygging av naust og sjøboder følgjer reglane i plan- og bygningslova der kommunen er forvaltningsmynde.
Prosessen for oppretting av marint vern på Stad, steg for steg
Arbeidet har vore gjennomført etter oppdragsbrev frå Klima- og miljødepartementet til Miljødirektoratet av 18. april 2017, som gav Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i oppdrag å gjennomføre ein verneplanprosess for Stad som marint verneområde. I eit brev av 3. november 2017 sende vi oppstartmelding for arbeidet med marint vern for Stad. Vi hadde møte med Selje kommune 6. desember 2017, og eit ope møte på Leikanger i Selje kommune om kvelden same dag. Vi hadde møte med Selje kommune og Fiskeridirektoratet den 4. juni 2019. På møtet vart møtedeltakarane samde om å halde ei synfaring med lokale representantar, fiskenæringa og taretrålnæringa. Synfaringa vart halden 11. september 2019. Vi hadde møte med representantar frå Stad kommune den 3. juni 2021. Då vi oppdaga verdifullt naturmangfald i djupet i Sildegapet inn i Kinn kommune oppretta vi dialog med Kinn. Vi hadde møte med leiinga i Kinn kommune den 14. september 2021 og med plan-, miljø- og næringsutvalet den 18. oktober same haust. Den 3. juni 2021 hadde vi møte med Stad kommune om status og framdrift før høyringa. Vi har utvida arealet to gonger, frå 114 km² i oppstartsmeldinga til 166,7 km² i høyringa.
Verneforslaget vart sendt ut på høyring den 9. februar 2022 med opphavleg høyringsfrist 15. april 2022. Vi utvida høyringsfristen til 12. mai 2022 etter innspel frå Stad kommune. I samband med høyringa inviterte vi, i samarbeid med kommunen, til ope møte den 30. mars 2022. Dagen etter orienterte vi om høyringa til Stad kommunestyre. Det kom inn totalt 20 ulike innspelsdokument til høyringa. Alle innkomne innspel til høyringa ligg på våre heimesider. Den 30. september kunne vi tilrå marint vern av Stad som marint verneområde til Miljødirektoratet, med det same arealet og avgrensinga som låg til grunn for høyringa. Fire dagar før, den 26. september 2022, hadde vi eit møte med Stad kommune der vi orienterte om verneframlegget vårt.
Miljødirektoratet sendte si tilråding om Stad marine verneområde vidare til Klima- og miljødepartementet den 29. juni 2023. Miljødirektoratet vurderte ulike alternativ for avgrensing av området og for restriksjonar på hausting av stortare, men etter ei samla vurdering slutta Miljødirektoratet seg til Statsforvaltaren i Vestland si tilråding. Både Stad kommune og Kinn kommune var positive til vern i prosessen.
Den 20. desember 2024 vart Stad marine verneområde vedteke av Kongen i statsråd. Miljødirektoratet delegerte forvaltningsmyndigheita for Stad marine verneområde til Statsforvaltaren i Vestland.
Sjå i høgrefana om du vil lese meir om verneprosessen eller om arbeidet vårt med marint vern i fylket.
Kontaktpersonar
-
Maria Knagenhjelm
Tlf: 57 64 31 37 / 93 66 42 56 -
Anne-Marie Colban
Tlf: 55 57 22 53 -
Stein Byrkjeland
Tlf: 55 57 21 14 / 90 09 36 15 -
Julie Marie Andersen
Tlf: 55 57 23 55 -
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 / 41 56 38 47 -
Kjell Kvingedal
Tlf: 55 57 23 12 / 97 50 40 50
Dokument
- Rapport 2846: Marint naturmangfald videomateriale NGU, Rådgivende biologer
- Rapport 2847: Kartlegging av marint naturmangfald i grunne område, Rådgivende biologer
- Rapport 2992: Kartlegging av marint naturmangfald i grunne område ved Fureneset - Lunden, Rådgivende biologer
- Rapport 3464: Kartlegging marint naturmangfold (korallkartlegginga) sør for Stad, Rådgivende biologer