Gloppen og Lærdal får nye skogvernområde til jul

ein bekk mellom grøn vegetasjon og tre mot himmelen
Det er stor variasjon i landskapet i Eimhjellen. Fleire bekker finn vegen gjennom området frå fjellet og mot innsjøen. Arealet ligg i sterk oseanisk seksjon, som indikerer at det er høg humiditet eller vassmetting i lufta. Fuktig havluft kjem inn over land og vatnet blir "slept" når skyene blir avkjølt i møtet med høge fjell. Foto: Vebjørn Enerstvedt /AT Skog.

Regjeringa verna i dag 22 nye skogområde i ni fylke. Frå vårt fylke inkluderer vedtaket nesten 7000 dekar, og dekker areal både i Eimhjellen i Gloppen og Helleren i Lærdal. Vernet er viktig for å ivareta artar, naturtypar, intakt natur og karbonlagring for framtidige generasjonar.

Publisert 20.12.2024

Vedtaket i statsråd i dag omfatta om lag 40 km2 nytt verneareal i Noreg og er resultat av samarbeid med grunneigarar og skogeigarorganisasjonane gjennom frivillig skogvern-ordninga. Av det nye verna arealet er om lag 28 km2 produktiv skog.

Nasjonale mål sikrar skogvernarbeidet

Vernet vil bidra til å oppfylle dei nasjonale måla for naturmangfald som Stortinget slutta seg til mellom anna gjennom handsaminga av Meld. St. 14 (2015-2016) Natur for livet:

  1. Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.
  2. Ingen artar og naturtypar skal utryddast som følgje av menneskeleg aktivitet, og utviklinga for truga og nær truga artar og naturtypar skal betrast.
  3. Eit representativt utval av norsk natur skal bevarast for kommande generasjonar.

Meld. St. 14 (2015-2016) legg opp til vidareføring av arbeidet med skogvern, i hovudsak ved vern av offentleg eigd skog og ved frivillig vern av privateigd skog. Forslaget bidrar også til å nå Stortingets mål om vern av 10 prosent av skogarealet og til internasjonale mål og forpliktingar, jf. bl.a. konvensjonen for biologisk mangfald artikkel 8.

Verneforslaget vil også bidra til å nå FNs berekraftsmål nr. 15 Livet på land. Skogvern er vurdert som eit effektivt verkemiddel for å sikre norsk naturmangfald, bl.a. ved å fange opp truga og nær truga naturtypar og leveområde for mange truga og nær truga artar.

nærbilete av mose
Nipdraugmosen vart først oppdaga for verden i 1902 av E. Jørgensen i skogen på Eimhjellen. Arten er kategorisert som kritisk truga på den norske rødlista, og har same status som til dømes panda på Tibet-platået og skilpadder på Galapagos. Grunneigarane og tidlegare generasjonar har forvalta området slik at det er store og intakte naturverdiar her. Foto: Geir Gaarder.

Kva slags verneverdiar finn vi i Eimhjellen?

Eimhjellen har høg dekning av regnskogsmiljø, i tillegg til at området inkluderer andre kvalitetar knytt til kystnære skogmiljø og edellauvskog. Over halve arealet har høg eller særs høg bonitet. Eimhjellen er samanhengande, lågtliggjande og stort. Området er del av eit større areal som også går inn i Kinn kommune, og lokaliteten vart vurdert som eit seks-stjerners område (på ein skala frå 1-6) i kystfuruskogskartlegginga i 2015. Nipdraugmosen (EN, sterkt truga på den norske raudlista) er oppdaga ny for vitskapen her, Endestad er såleis typelokaliteten til arten. Nipdraugmose er en internasjonalt meget sjelden art som Norge har et stort ansvar for, og den finst på eit fåtals lokalitetar i Skottland og Himalaya (samt ein plass i Bremanger). Endestadnipa vart i 1995 omtalt som ein av tolv særleg verneverdige moselokalitetar i Noreg (European Committee for Conservation of Bryophytes). Les meir om nipdraugmosen i tilrådinga vår til høgre. 

Frodig lauvskog ved ei elv
Skogen ligg i ei sørvendt li langs Lærdalselvi og husar mange varmekjære treslag. Det er registrert eit høgt tal raudlista artar i området. Eit vern vil bidra til å ta vare på truga, sjeldne og sårbare artar for framtida. Foto: Vebjørn Enerstvedt, AT Skog.

Kvifor er Helleren så verdifullt?

Helleren naturreservat omfattar rik edellauvskog langs Lærdalselvi som husar ein variert skogmosaikk med 5 sterkt truga (EN) og 6 nær truga (NT) artar. Arealet husar verdifull skog og bidreg til målet om å ta vare på representativ og verdifull natur for framtidige generasjonar. Verneområdet grenser til Lærdalselva i sør. Kongevegen går gjennom området, eit viktig kulturminne og trekkplaster for tusenvis av vandrarar kvart år. Friluftsliv, reiseliv og kulturminne er viktige interesser i området. Les meir om verneprosessen til høgre i denne nettsaka. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.