Forvaltningsplan for Hardangervidda
Ein ny forvaltningsplan for Hardangervidda nasjonalpark med landskapsverneområde er under utarbeiding. Planen skal gje retningsliner for forvaltning og supplere juridiske forskrifter. Forslag til ny plan er venta ferdig i 2025.
Kva er ein forvaltningsplan?
Ein forvaltningsplan er ein plan for å forvalte verneområda. Verneforskrifta gjev dei juridiske føresegna for eit verneområde og sett restriksjonsnivået. Ein forvaltningsplan gjev utfyllande retningsliner om forvaltning, tilrettelegging og skjøtsel og bidrar til å skildre føresegnene sin praktiske tyding. Forvaltningsplanen kan også utdjupe og supplere verneforskrifta når desse viser til forvaltningsplanen.
Planen vil gjelde for Hardangervidda nasjonalpark og kringliggande verneområde
Forvaltningsplanen vil gjelde for Hardangervidda nasjonalpark, Skaupsjøen/Hardangerjøkulen landskapsvernområde og Møsvatn Austfjell landskapsvernområde med Hondle fuglefredningsområde.
Mandat og samansetting av prosjektgruppa for forvaltningsplanen
Det er dei seks vernemyndigheitene, tre statsforvaltare og tre tilsynsutval som er prosjekteigar, og som utgjer styringsgruppe. Det opprettast ei breitt samansett prosjektgruppe som vil få i mandat å fremje eit forslag til forvaltningsplan som det er semje om.
Prosjektgruppa vil bestå av ein representant frå kvar av dei tre statsforvaltarane og dei tre tilsynsutvala, Hardangervidda grunneigarsamskipnad, Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet, Fjellstyra på Hardangervidda, leiar av Hardangerviddaområdet, statsforvaltarane sine landbruksavdelingar, fylkeskommunane sine kulturminneavdelingar, Den Norske Turistforening (DNT) og dei private turisthyttene.
Miljødirektoratet er overordna fagleg instans og skal godkjenne forvaltningsplanen fagleg før høyring.
Gjeldande forvaltningsplan er moden for oppdatering
Gjeldande forvaltningsplan er frå 2011, og er på fleire område gått ut på dato. Det er ønskeleg å sjå på einskilde endringar i verneforskriftene for å oppnå betre forskrifter sett i forholdet til formålet med vernet. Det gjeld både omsyn til villrein, men og rammer for einskilde brukarinteresser. Berørte kommunar må gje aksept på at verneforskrifter kan vurderast, og Klima og miljødepartementet må gje mandat for å sjå på endringar i verneforskriftene.
Besøksstrategi for verneområda vil være vedlegg til forvaltningsplanen. Arbeidet med besøks-strategi vil samkøyrast med arbeid med felles sti- og løypeplan for Hardangervidda.
Framdriftsplan for planarbeidet
Frist for å melde innspel og merknader til oppstart av arbeidet er 25. oktober 2024.
Forslag til forvaltningsplan skal etter framdriftsplanen føreligge i løpet av 2025. Framdrift kan måtte tilpassast i forhold til KLD sitt arbeid med tiltaksplan for villrein Hardangervidda.
Kontaktpersonar
Lenkjer
Dokument
- Forvaltningsplan for Hardangervidda, med vedlegg
- Varsel om oppstart av arbeid med ny forvaltningsplan for verneområdene på Hardangervidda
- Pressemelding - Oppstart av arbeid med ny forvaltningsplan for verneområda på Hardangervidda
- Oppstart av ny forvaltningsplan for Hardangervidda - Presentasjon frå ope møte i Teams 24-09-2024
- Prosjektplan for revisjon av forvaltningsplan for Hardangervidda nasjonalpark
Høyringsuttalar til oppstart
- 1 Høring oppstart forvaltningsplan - bekymring flytrafikk - Thomas Olavson Vågen.pdf
- 2 Høring oppstart forvaltningsplan - Vinje kommune.pdf
- 3 Høring oppstart forvaltningsplan - Hardangervidda Villreinutval.pdf
- 4 Høring oppstart forvaltningsplan - Hardangervidda Grunneigarsamskipnad.pdf
- 5 Høring oppstart forvaltningsplan - Røde Kors Hjelpekorps Nore og Uvdal.pdf
- 6 Høring oppstart forvaltningsplan - Ullensvang kommune.pdf
- 7 Høring oppstart forvaltningsplan - Telemark fylkeskommune.pdf
- 8 Høring oppstart forvaltningsplan - Veigdalen grunneigarlag.pdf
- 9 Høring oppstart forvaltningsplan - Oslo Kiteklubb.pdf
- 10 Høring oppstart forvaltningsplan - Hans Wilhelm Ro.pdf
- 11 Høring oppstart forvaltningsplan - Røldal fjellstyre.pdf
- 12 Høring oppstart forvaltningsplan - Anne Karin Presterud Nørstebø og Geir Nørstebø.pdf
- 13 Høring oppstart forvaltningsplan - Geitvassdalen Beitelag.pdf
- 14 Høring oppstart forvaltningsplan - Den Norske Turistforening.pdf
- 15 Høring oppstart forvaltningsplan - Bjoreidalen Nordre Sameige.pdf
- 16 Høring oppstart forvaltningsplan - dei private turisthyttene som er lokalisert innafor verneområda.pdf
- 17 Høring oppstart forvaltningsplan - Buskerud fylkeskommune.pdf
- 18 Høring oppstart forvaltningsplan - Fjellstyra på Hardangervidda.pdf
- 19 Høring oppstart forvaltningsplan - Nore og Uvdal kommune.pdf
- 20 Høring oppstart forvaltningsplan - Hardangervidda Grunneigarsamskipnad innspill nr 2.pdf
- 21 Høring oppstart forvaltningsplan - Vestland fylkeskommune.pdf
- 22 Høring oppstart forvaltningsplan - Eidfjord Høgre.pdf
- 23 Høring oppstart forvaltningsplan - Eidfjord kommune.pdf
- 24 Høring oppstart forvaltningsplan - Emil Steira.pdf