Folkemøte om marint vern i Dalsfjorden
Den 11. januar inviterer Statsforvaltaren og Sunnfjord kommune til ope folkemøte i Bygstad om marint vern i Dalsfjorden. Velkomen!
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 02.12.2022
Kommunen ved ordførar Jenny Følling vil ønskje velkomen, og Statsforvaltaren orienterer om verneprosessen. Det vil bli god tid til spørsmål og innspel.
Ved å følgje lenkja til høgre kan du lese meir om det marine vernet og kva det betyr. Vi har utvida høyringsfristen til 1. februar, så alle får betre tid til å kome med innspel til verneframlegget, også etter folkemøtet.
Det vil bli servering av kaffi og noko å bite i.
Vel møtt til Bygstad samfunnshus den 11. januar kl. 19.00!
Kontaktpersonar
-
Maria Knagenhjelm
Tlf: 57 64 31 37 / 93 66 42 56 -
Stein Byrkjeland
Tlf: 55 57 21 14 / 90 09 36 15 -
Tore Larsen
Tlf: 57 64 31 26 / 90 84 69 42 -
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 / 41 56 38 47