Vi tilrår Bermålsnosi naturreservat i Lærdal kommune
I samarbeid med grunneigarane kan vi tilrå vern av 5431 dekar med verdifull natur på Bermålsnosi som nytt naturreservat i Lærdal. Området grensar mot Årdal kommune langs Sognefjorden og husar raudlista natur.
Som ein del av arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet i Vestland fylke tilrår vi opprettinga av Bermålsnosi naturreservat i Lærdal kommune. Det samla arealet vi foreslår til vern har ein storleik på 5431 dekar, der 3168 dekar er registrert som skogdekt.
Arealet er eigd av private grunneigarar som har signert avtale etter prosedyra for frivillig skogvern, og det er AT Skog som har forhandla med staten på deira vegner.
Arealet vart kartlagt etter Miljødirektoratet sin nye kartleggingsmetodikk for skogvernområde etter at vi mottok tilbodet frå grunneigarane. I oppstartsmeldinga vart arealet omtalt som Bermål, men etter innspel frå Språkrådet tilrår vi namnet Bermålsnosi på naturreservatet.
Kor ligg Bermålsnosi?
Kandidatområdet Bermålsnosi ligg i ei nord- og vestvendt, bratt liside i ein gradient frå fjord til fjell på sørsida av Sognefjorden i Lærdal kommune. Skogen er i hovudsak dominert av furu, med bjørk og storvaksne ospetre. Ein finn også parti med meir varmekjær vegetasjon som hassel og gråor. I nordlege delar med rikare mark førekjem den raudlista naturtypen kalk- og lågurtfuruskog (VU). Bermålsnosi inkluderer også bjørk og rogn i rasmarkskog, med stadvis store mengde død ved av bjørk. Det er død ved i store dimensjonar etter m.a. skogbrann, der m.a. signalarten pusledraugmose, som utelukkande finst på dødved, er registrert. Bermålsnosi har gamle tre, der mellom andre furutre med alder på 350 år er registrert.
Aust for Bermålsnosi ligg Skogateigen. Dette arealet er tilbydd til vern av grunneigarane på Kvitingsmorki, og vi jobbar parallelt med utviding av Kvitingsmorki med Skogateigen som ei separat vernesak.
Stor variasjon i naturen førar til mange leveområde for ulike artar
I kandidatområdet er det stor variasjon i vegetasjonen og naturtypar knytt til ulike høgdelag, og med påverknad som ras, brann og snøskred dannar dette mange habitat. Bermålsnosi dekker fire ulike vegetasjonssoner, der både mellomboreal, nordboreal, sørboreal og boreonemoral sone inngår i ein gradient frå fjord til fjell. Lågaste punkt er ved fjorden og høgaste punkt er på Bermålsnosi på 1257 meter over havet.
Området oppfyller manglar i skogvernet knytt til bonitet, truga artar, raudlista naturtype i form av kalk- og lågurtfuruskog, og andre mangelnaturtypar som kalkbjørkeskog, gråorheggeskog av lisidetype og gamal lauvblandingsskog. Kandidatområdet er delvis lågareliggjande.
Etter kartlegginga har vi, etter å ha motteke tilbod frå grunneigarane av Skogateigen, meldt oppstart også der. Slik vil eit potensielt samanhengande areal langs fjorden med Bermålsnosi og Skogateigen, i lag med det eksisterande Kvitingsmorki naturreservat, kunne utgjere eit viktig og samanhengjande område med verdifull skog i indre Sogn. Vi vurderer området til å vere av stor verdi og viktig å prioritere å ta vare på for kommande generasjonar.
Bermålsnosi husar truga, sjeldne og sårbare artar og naturtypar
Det tilrådde verneområdet dekker den raudlista naturtypen kalk- og lågurtfuruskog (VU), og det er registrert raudlista artar i fleire kategoriar, mellom anna ein art som er sterkt truga (ask) og 6 artar som er nær truga (NT). Etter gjennomført kartlegging fekk vi inn eit tilbod frå naboeigedomen som potensielt knyt Bermålsnosi i lag med det eksisterande Kvitingsmorki naturreservat. Dette bidreg også til auka verneverdi for Bermålsnosi. Potensialet for å finne fleire truga, sjeldne og sårbare artar er stort.
Oppretting av eit verneområde på Bermålsnosi bidreg til å nå internasjonale mål og forpliktingar, m.a. nedfelt i konvensjonen for biologisk mangfald om å ta vare på truga artar. Ved å verne naturen mot ulike typar inngrep gir verneområdet eit positivt bidrag til det nasjonale og internasjonale målet om å stanse tapet av naturmangfald. Bermålsnosi vil bidra til å kome nærmare det nasjonale målet vedteke av Stortinget om 10 % vern av skog.
Vi vurderer området til å vere verdifullt og viktig å prioritere til vern. Vern av skogen bidreg også til å redusere dei negative effektane av klimaendringane gjennom å sikre eit nettverk av viktige leveområde for naturmangfaldet i norske økosystem.
Ein inkluderande og open verneprosess er avgjerande
Oppstartsmelding og høyringsdokument for verneområdet vart sendt til relevante sentrale og lokale partar, sjå adresseliste bak i dokumentet til høgre. Det kom inn fleire innspel til verneprosessen. Omtale av interessser som til dømes energi, friluftsliv, kulturminne med meir er å lese i tilrådinga. Der ligg også eit samandrag av innspela og våre kommentarar til disse.
I tillegg til utsending av oppstarts- og høyringsdokument direkte til aktuelle høyringsinstansar, er både oppstart og høyring presentert på nettstaden vår og kunngjort i aviser som er lest lokalt og regionalt. Verneforskrifta er tilgjengeleg til høgre i denne nettsaka. Der ligg også lenkje til både oppstartsmeldinga og høyringsdokumenta.
Miljødirektoratet skal handsame saka vidare før den blir sendt til KLD og lagt fram for vernevedtak i statsråd. Vi håpar på vernevedtak i 2025.