Ope møte om forvaltningsplanen for Hestad landskapsvernområde

ei kyrkje i ein grøn lund med tre i kring
Ein forvaltningsplan skal klargjere vernereglane slik at forvaltninga av verneområdet kan bli meir føreseieleg for alle partar. No inviterer vi til møte om forvaltningsplanen for Hestad landskapsvernområde i Sunnfjord. Foto: Statsforvaltaren i Vestland v/ Tom Dybwad.

Statsforvaltaren i Vestland arrangerer eit ope møte om forvaltningsplanen for Hestad landskapsvernområde tysdag 7. mai 2024 kl. 11.30 på Hestadgrend bedehus. Alle som ønskjer det, er velkomne.

Publisert 29.04.2024

Sakliste til møtet:

  1. Velkomen
  2. Kort orientering om forvaltningsplanen
  3. Spørsmål og innspel
  4. Eventuelt
  5. Synfaring dersom det er ønskjeleg

Framlegget til forvaltningsplan for Hestad landskapsvernområde finn de ved i høgrefana eller ved å følgje denne lenkja: Høyring av forvaltningsplanen for Hestad landskapsvernområde | Statsforvaltaren i Vestland (statsforvalteren.no)

 

Pga møtet vil det vere høve til å kome med innspel til forvaltningsplanen fram til 15. mai, sjølv om høyringsfristen er sett til 1. mai 2024.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.