Nytt skogvern sikrar store areal i Lærdal og Fjaler

eit vatn med skog bak og fjell i horisonten som er snødekt
Med eit vern av Frønningen i Lærdal og Gyttavatnet i Fjaler har vi fått verna store og verdifulle område med eit mangfald av natur for framtida. Arbeidet bidreg til å følgje opp naturavtalen om å ta vare på representativ natur og ta vare på karbonlagre for å dempe klimaendringar. Foto: Vilhelm Rumohr.

Regjeringa verna i dag 31 nye skogområde i åtte fylke. Frå vårt fylke inkluderte vedtaket om lag 22 000 dekar både i Frønningen i Lærdal og Gyttavatnet i Fjaler. Vernet er viktig for å ivareta artar, naturtypar, intakt natur og karbonlagring for framtidige generasjonar.

Publisert 06.12.2024

Vedtaket i statsråd i dag omfatta 84,8 km2 nytt verneareal i Noreg, der 57,7 km2 er skogdekt. Det vart verna 39,7 kmproduktiv skog. I Vestland utgjorde vernevedtaket 21 713 dekar, altså nesten 22 kvadratkilometer! 

Nasjonale mål sikrar skogvernarbeidet

Vernet vil bidra til å oppfylle dei nasjonale måla for naturmangfald som Stortinget slutta seg til mellom anna gjennom handsaminga av Meld. St. 14 (2015-2016) Natur for livet:

  1. Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.
  2. Ingen artar og naturtypar skal utryddast som følgje av menneskeleg aktivitet, og utviklinga for truga og nær truga artar og naturtypar skal betrast.
  3. Eit representativt utval av norsk natur skal bevarast for kommande generasjonar.

Meld. St. 14 (2015-2016) legg opp til vidareføring av arbeidet med skogvern, i hovudsak ved vern av offentleg eigd skog og ved frivillig vern av privateigd skog. Forslaget bidrar også til å nå Stortingets mål om vern av 10 prosent av skogarealet og til internasjonale mål og forpliktingar, jf. bl.a. konvensjonen for biologisk mangfald artikkel 8.

Verneforslaget vil også bidra til å nå FNs berekraftsmål nr. 15 Livet på land. Skogvern er vurdert som eit effektivt verkemiddel for å sikre norsk naturmangfald, bl.a. ved å fange opp truga og nær truga naturtypar og leveområde for mange truga og nær truga artar.

liggjande daudt, krokete furutre i grøn lyng
Frønningen husar daud ved i alle nedbrytingsfasar. Data frå NTNU dokumenterer at enkelttre starta å spire allereie på 1100-talet, om lag den tida då Urnes stavkyrkje vart bygd og slaget på Fimreite avgjorde kongemakta. Foto: Statsforvaltaren v/ Maria Knagenhjelm.

Kva slags verneverdiar finn vi på Frønningen?

Frønningen ligg i ei nordvendt li i slakt hellande terreng i den vestlegaste delen av Lærdal kommune, sør for Sognefjorden. Arealet er noko brattare i nord, ned mot fjorden, og grenser i aust mot Bleia naturreservat. I sør/søraust grenser kandidatområdet mot Bleia-Storebotn landskapsvernområde. Frønningen grensar mot Aurland kommune i sør. Arealet går frå om lag 200 til over 1000 meter over havet.

Området er uvanleg stort i skogvernsamanheng. Lokaliteten ligg tilgrensande andre verneområde og har gjennomgåande god tilstand med god kontinuitet med død ved. Det er registrert eit par raudlista artar, blanknål og rustdoggnål, med status som nær truga. Det er potensiale for fleire raudlista knappenålslav og kontinuitetskrevjande sopp tilknytt daud ved og gamal barskog. Den dominerande naturtypen er gamal barskog, i utforming gamal furuskog. Furu dominerer, men det er også innslag av bjørk. Langs bekkane er det noko rikare vegetasjon med til dømes gråor og karplanteflora som fugletelg og hengjeveng. Vegetasjonen vekslar mellom blåbærskog, bærlyngskog og lauvskog. Skogen er dominert av storvaksne, grove furutre, og det er gjennomgåande mykje daud ved i alle nedbrytingsstadium.

store tre med litt disig luft og en kvinne som står på bakken og undersøker stammen
Store, intakte skogområde med høg alder og store tre gjev livsgrunnlag for sjeldne, truga og sårbare artar. Jo større tre, jo betre plass til ulike nisjer og artar som trivst der. Storleik er også ein viktig kvalitet i verneområde fordi store område dekker fleire nisjer og er meir robuste for omkringsliggjande endringar enn små område. Foto: Statsforvaltaren v/ Maria Knagenhjelm.

Det er registrert brannspor på dei eldste keloelementa (også kalt sølvfuruer) i verneområdet. I dei høgareliggjande partia finn vi spesielt gamle furuer, og jamfør dentrokronologiske data innsamla av NTNU har enkelttre vore i vekst allereie på 1100-talet, samstundes som då Urnes stavkyrkje vart bygd. Rapporten frå NTNU er tilgjengeleg, sjå tilrådinga vår for Frønningen i høgrefana. Også bjørketrea syner høg alder. Naturtypeavgrensinga er vurdert til å ha A-verdi, som tilsvarar nasjonal verdi.

Større tekniske inngrep er nesten fråverande og det er få spor etter tidlegare hogst innanfor avgrensinga. Det er heller ingen framande artar i området, som ofte er utfordrande dei fleste områder der vi vernar skog. Delar av området er samanfallande med leveområdet til villreinen i Nordfjella.

utsyn over eit vatn og skogkledde lier med lågt skydekke i gråvær
Gyttavatnet naturreservat er tilbydd til frivillig skogvern av mange ulike grunneigarar. Området er lågtliggjande og inkluderer verdifull skog som leveområde for ei lang rekke artar. Biletet er teke ein februardag med lågt skydekke og syner verneområdet nordvestover frå Gyttakleiva, ein topp på 130 meter over havet . Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Kvifor er Gyttavatnet så verdifullt? 

Skogen i Fjaler som i dag vart verna inkluderer 12 ulike naturtyperegistreringar i eit forholdsvis samanhengande og intakt område av lågareliggjande skog. I arealet er det registrert stor variasjon i vegetasjon, og jamt over fleiraldra skog med lite påverknad av menneskeleg aktivitet. Det er gamal kystfuruskog med blåbærskog og lågurtskog med seintveksande furutre, stadvis truleg med alder på truleg over 300 år. Skogen ligg i boreonemoral og sørboreal vegetasjonssone, og klart oseanisk/sterkt oseanisk kystseksjon.

Sørvest i området ligg ei nordvendt kløft med velutvikla lav- og mosesamfunn med fuktkrevjande artar, og det finst fleire lokalitetar med velutvikla gamal boreal lauvskog med kravfulle raudlista artar som olivenlav og kystprikklav. Ved vatnet er det blåbær-svartorskog og alm-lindeskog av vestleg utforming med hasselkratt. Artsregistreringar som ospeildkjuke tyder på god kontinuitet av osp. Eit funn av blomsterstry (VU) var det andre funnet av arten på Vestlandet. Vern av skogen ved Gyttavatnet sikrar naturmangfald, men også karbonlagring for framtida.

nærbilete av ein buskete lys lav som veks på ei grein
Blomsterstry er ein sjeldan art i Vestland av kantlav-ordenen, og funnet av denne arten ved Gyttavatnet var det andre funnet i vår landsdel. Den er kategorisert som sårbar på den norske rødlista og den veks på greiner av spesielt eik i område med god kontinuitet i skogen. Foto: Endre Timdal.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.