Rovvilt

Oppdatert 08.04.2024

Bjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn blir rekna som rovvilt. Det er eit hovudmål å sikre levedyktige bestandar av dei fire store rovdyrartane og av kongeørn. Samtidig er det eit mål å oppretthalde eit aktivt landbruk for å utnytte beiteressursane for sau og rein i utmark. For å nå dette todelte målet må vi forvalte rovviltbestanden, samtidig som landbruket må tilpasse seg noko i kjerneområda for rovvilt.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver i forvaltninga av rovvilt:

  • tildele midlar til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og behandle søknader om erstatning for skadar som freda rovvilt har gjort på bufe
  • behandle søknader om båsfangst av jerv og gaupe
  • gi løyve til skadefelling av gaupe, jerv, ulv og bjørn innanfor tildelt kvote frå rovviltnemnda
  • stå for forvaltninga av kongeørn, mellom anna å vurdere søknader om skadefelling
  • vere sekretariat for den regionale rovviltnemnda, som skal sørgje for at rovdyrstammane blir forvalta slik at talet på dyr er så nær bestandsmålet i regionen som mogleg

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 22.10.2024

Søknad om erstatning for rovviltskade 2024

Frist for søknad om erstatning for rovviltskade på sau for beitesesongen 2024 er 3. november. 


Publisert 03.07.2024

Rovviltberedskap i beitesesongen 2024

Statsforvaltaren har telefonvakt i beitesesongen om det skulle oppstå akutte situasjonar med tap av sau til freda rovvilt. 


Publisert 31.01.2024

Kvotefri jakt på gaupe

Kvotejakta på gaupe startar opp 1. februar og varer til 31. mars 2024. Rovviltnemnda i Region 1 har vedteke kvotefri gaupejakt i heile Vestland i denne perioden. 


Publisert 01.12.2023

No har lisensjakta på ulv starta

Lisensjakta på ulv varer frå 1. desember 2023 til og med 31. mai 2024. 


Publisert 25.10.2023

Søknad om erstatning for rovviltskade

Frist for søknad om erstatning for rovviltskade på sau for beitesesongen 2023 er 1. november. 


Publisert 10.08.2023

Lisensfelling av jerv startar 20. august

Etter endringa som trådde i kraft i fjor, er fellingsperioden for jerv frå og med 20. august 2023 og varer til 15. februar 2024. 


Publisert 04.08.2023

Skadefelling av jerv

Statsforvaltaren har gjeve løyve til skadefelling av éin jerv i Nørstedalen/Fortunsdalen i Luster kommune. 


Publisert 31.01.2023

Det blir ikkje opna for kvotefri gaupejakt i Vestland i 2023

Bakgrunnen er lite skadeomfang dei seinare åra, og at gaupebestanden på landsbasis er under bestandsmålet for arten.


Publisert 05.12.2022

No har lisensjakta på ulv starta

Lisensjakta varer frå 1. desember 2022 til og med 31. mai 2023. 


Publisert 18.10.2022

Søknad om erstatning for rovviltskade

No kan du sende inn søknad om erstatning for rovviltskade på sau for beitesesongen 2022. Frist for søknad er 1. november.


Rovviltvakt 2024

Namn og tlf på rovviltvakta sommarferien 2024: 

Veke 29: Stein Byrkjeland,

tlf. 55 57 2114 / 90 09 36 15

Veke 30-31: Solveig K Roald,

tlf. 55 57 23 27 / 97 69 95 56

Veke 32: Johannes Anonby,

tlf. 57 64 31 25 / 91 34 44 23