Nasjonal ramme for vindkraft
Fylkesmannen rår til at nasjonal ramme for vindraft vert vedteken som styringsverktøy for vidare vindkraftutbygging på land i Norge. Omfanget av utbygging må vegast opp mot naturmangfald, tap av urørte naturområde, landskap og friluftsliv. Fylkesmannen foreslår eksklusjonar innafor dei utpeika område i fylket.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen har i kart og tekst foreslått eksklusjonar i utpeika område i Vestland fylke, særleg ut frå nasjonale og vesentlege regionale interesser knytt til naturtypar, artar, større urørte naturområde, landskap, friluftsliv og samla belastning.
Omfanget av vidare vindkraftutbygging på land må vegast opp mot andre miljøomsyn, slik det går fram av rapportar frå FN sitt naturpanel og klimapanel. Det er og nødvendig med betre fagleg grunnlag for å fastslå om vindkraftutbygging samla sett vil bidra til reduksjon i utslepp av klimagassar i Norge.
Oppdatering av karta i nasjonal ramme må skje gjennom medverknad frå relevante parter.
Fylkesmannen uttaler at kommunane bør få reell medverknad i saker som gjeld planlegging og bygging av vindkraftanlegg.
I endeleg nasjonal ramme er det nødvendig å ha med konkrete metodiske grep for å sikre tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag, føre-var-vurderingar og sumverknader på landskap og natur.
Kontaktpersonar
-
Kjell Kvingedal
Tlf: 55 57 23 12 / 97 50 40 50 -
Tore Larsen
Tlf: 57 64 31 26 / 90 84 69 42