Fylkesmannen opphevar vedtak om skadefelling av grågås

Fylkesmannen i Vestland opphevar vedtak om skadefelling av grågås i Gulen kommune. Vi meiner at vedtaka ikkje er tilstrekkeleg grunngjevne etter viltforskrifta og naturmangfaldlova.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.10.2020

Gulen kommune godkjente våren 2020 skadefelling av grågås på fleire private landbrukseigedomar. Skadefellinga blei gjeve for å redusere beiteskadar på dyrka mark. Organisasjonen Dyrenes Rett klaga på vedtaka. Kommunen vedtok å avvise klaga. Saka blei difor sendt til Fylkesmannen for avgjersle.

Ny viltforskrift

Ny viltforskrift trådde i kraft 1. april 2002. Forskrifta regulerer blant anna skadefelling av vilt. Forskrifta lister opp ei rekke vilkår som må vere oppfylte før kommunane kan gi løyve til skadefelling. Om vilkåra er oppfylte, og det er naudsynt for å stanse eller avverje skade på avling, kan kommunane gje løyve til skadefelling. Etter vår vurdering har ikkje Gulen kommune i tilstrekkeleg grad vurdert om desse vilkåra er oppfylte. 

Naturmangfaldlova

Kommunane må vurdere søknadar om skadefelling også opp mot dei miljørettslege prinsippa i naturmangfaldlova §§ 8-12. Gulen kommune hadde ikkje vurdert dei miljørettslege prinsippa i desse sakene.

Forvaltingslova

Etter forvaltingslova skal kommunane grunngje einskildvedtak. Vi meiner at Gulen kommune sin grunngjeving er såpass mangelfull at det kan ha verka bestemmande på vedtaket sitt innhald.

Vårt vedtak

Vi opphevar difor Gulen kommune sine vedtak, jamfør forvaltningslova § 41 og § 34. Perioden for skadefellinga var over før vi fekk klagesakene til handsaming. Det er difor ikkje reelt å be Gulen kommune om å fatte nye vedtak i desse sakene, men Gulen kommune må følgje føringane om grunngjeving ved eventuelle framtidige søknadar om skadefelling.

Fylkesmannen vil oppmode også andre kommunar om å følgje føringane for grunngjeving av vedtak ved søknader om skadefelling. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.