Forskrift om etablering av område i Stryn for opplæring i bruk av snøskutar

Bilete av kart som viser området i Stryn kommune som kan brukast til obligatorisk opplæring av snøskuter.

Statsforvaltaren i Vestland har vedteke forskrift som etablerer eit nytt område for obligatorisk opplæring i bruk av snøskutar ved Robjørgane i Stryn kommune

Publisert 21.01.2025

På vinterføre kan praktisk køyretrening for førarkort klasse S (snøskuter) skje på nærare fastsette område. Det er i dag eit opplæringsområde i Vestland som ligg i Voss herad. Vi har no vedteke forskrift som etablerer eit nytt områder for obligatorisk opplæring for snøskuter. Dette området kjem i tillegg til opplæringsområde som ligg i Holbygda i Voss herad.  

Det er eit mål at det ikkje skal vere fleire øvingsområde enn nødvendig, difor må heile fylket sjåast under eitt både når det gjeld tal område og lokalisering av slike område. På bakgrunn av prosessen og høyringa som har vore gjennomført, meiner vi at det er grunnlag for å etablere eit område for obligatorisk opplæring i snøskuter i den nordlege delen av Vestland fylke.  

Området ved Robjørgane i Stryn kommune er eigna til føremålet. Vi meiner at forskrifta med dei justeringane vi har gjort etter høyring, opnar opp for eit samfunnsnyttig føremål samtidig som risiko for skade på naturmangfaldet og negativ påverknad på friluftslivinteressene er avgrensa i størst mogleg grad. 

Forskrifta, kartvedlegg og saksframlegg finn du i høgremenyen. Saksframlegget inneheld samandrag av innkomne fråsegner og våre merknader til desse, i tillegg til vår vurdering av dei ulike interessene i saka og dei miljørettslege prinsippa i naturmangfaldlova.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.