Kunngjering løyve etter forureiningslova - opprydding forureina grunn Gnr/bnr 130/7 Øygarden kommune
Sotra Link Construction fekk 21. mai 2024 løyve etter forureiningslova til å fjerne alle forureina masser frå det tidlegare ulovlege deponiet Vorlandstippen gnr/bnr 130/7 i Øygarden kommune
Publisert 21.05.2024
Løyvet og søknad ligg til høgre på denne sida. Løyvet ligg òg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummer 2024/6538.
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35