Kunngjering endra løyve anleggsarbeid i sjø - Ospeviki i Samnanger for Aker BP

Statsforvaltaren endra 22. mars 2024 løyvet til Aker BP for anleggsarbeid i sjø knytt til landfall Ospeviki i Samnanger kommune. Formålet med prosjektet er å forsyne Yggdrasil-området med straum frå  Statnetts transformatorstasjon i Børdalen i Samnanger

Publisert 22.03.2024

Informasjon

Søknad om endring og løyve med vilkår ligg til høgre på denne sida. 

Løyvet ligg også på www.norskeutslipp.no

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser, kan klage på vedtaket innan fire veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret 2023/3134.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.