Kunngjering av løyve til oppdrett av kveite på lokaliteten Skjelevika i Austevoll kommune
Austevoll Rensefisk AS fekk 23.10.2024 utsleppsløyve til oppdrett av stamfisk og yngel av kveite på lokaliteten Skjelevika i Austevoll kommune.
Publisert 29.10.2024
Brev med vurdering av saka og løyvedokumenta finn du til høgre på sida. Løyva vert òg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummer 2020/788.