Kunngjering av løyve til mudring og utfylling i sjø ved Eikefjord
Statsforvaltaren ga 6. februar 2024 løyve etter forureiningslova til Vestland fylkeskommune. Løyvet regulerer forureining frå mudring og utfylling i sjø ved Eikefjord i Kinn kommune.
Publisert 06.02.2024
Informasjon
Søknad om løyve og løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida.
Løyvet ligg også på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser, kan klage på vedtaket innan tre veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret 2022/17395.