Kunngjering av løyve til avfallsanlegg for Envir AS i Simonsviken, Bergen
Det nye løyve gir verksemda lov til å vaske forureina massar og erstattar tidlegare løyve.
Publisert 19.06.2024, Sist endra 28.06.2024
Verksemda har ikkje fått løyve til auka mottaksmengda frå eksisterande løyve på grunn av mangelfull støyvurdering. Vi viser elles til grunngivingane i vedtaksbrevet.
Løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Løyvet ligg òg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummer 2021/2923. Dersom det er andre som bør varslast om vedtaket ber vi om tilbakemelding.