Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i sjø ved E39 Oppedal ferjeleie Statens vegvesen
Statens vegvesen fekk løyve til anleggsarbeid i sjø 27. august 2024. Formålet med tiltaket er å etablere ein liggekai ved E39 Oppedal ferjeleie.
Publisert 27.08.2024
Søknad om løyve og løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Løyvet ligg òg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummer 2022/9461.