Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i sjø for Elkem Bremanger
Elkem Bremanger fekk 16. august 2024 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø for utviding av eksisterande kai.
Publisert 16.08.2024
Søknad om løyve og løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Løyvet ligg òg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummer 2024/8895.
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35