Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i sjø - Engebø Rutile Garnet i Sunnfjord kommune
Statsforvaltaren gav 26. august 2024 Engebø Rutile and Garnet løyve til undervassprenging/mudring av ca. 335 m3 massar i sjø ved gnr/bnr 431/15 i Sunnfjord kommune. Tiltakets formål er å etablere blandekammer og logistikk for feste av leidningar som skal føre avgangsmassar ned til sjødeponi på ca. 300 meters djupne.
Anleggsarbeida i sjø skal ikkje skje i perioden frå 1. januar til 31. mai av omsyn til gytefelt torsk. Tiltaket skal overvakast med turbiditetsmålingar med alarmgrense på bakgrunnsverdi + 10 NTU, med alarm og stans i arbeidet dersom turbiditeten overstig grenseverdien i meir enn 20 minuttar.
Søknad om løyve og løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Løyvet ligg òg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummer 2022/11351.
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35
Dokument
- Løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø - Engebø Rutile and Garnet.pdf
- Søknadsskjema - Søknad om tiltak i sjø - Engebøprosjektet.pdf
- No 1_Sweco 2023_Notat - vurdering av forurensning ved Engebø.pdf
- No 6_Sweco (2022) - Miljørapport Sedimentundersøkelser Engebø.pdf
- Dispensasjonsvedtak - Detaljregulering Engebøfjellet - gbnr. 43115(1048945).pdf