Kunngjering av endra løyve til undervassprening av skjær innseglinga til Færøy kai i Kinn for Norled-
Statsforvaltaren endra 3. september 2024 Norled AS sitt løyve til mudring i sjø. Endringa omfattar sprenging av tre små skjær i tillegg, ei auking frå ca. 400 m³ massar til ca. 625 m3 massar. Formålet med tiltaket er å betre innseglinga til Færøya og område ved kai for å leggje til rette for bruk av større fartøy.
Publisert 04.09.2024
Det endra løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Løyvet ligg òg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummer 2022/14237.
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35