Kunngjering – Nytt løyve til forureining for landbasert akvakulturanlegg i Svelgen
Utsleppsløyva for lokalitetane Breivika V og Breivika Ø er slege saman til eit nytt løyve.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Steinvik Rensefisk AS har søkt om å få produsere berggylt, i tillegg til laksesmolt og rognkjeks, på lokaliteten Breivika Ø i Svelgen i Bremanger kommune. Ettersom dette anlegget skal dele utsleppskutt med Breivika V, nyttar Fylkesmannen høvet til å slå saman utsleppsløyva for dei to lokalitetane. Det nye samlande løyvet gjeld for ein årleg produksjon 550 tonn oppdrettsfisk og det er gjeve spesifikke rammer til konsentrasjon av organiske næringssalt i utsleppet til Nordgulen. Verksemda skal følgje opp påverknaden av utsleppa sine med overvaking av resipienten og rapportering av utsleppsmengder.
Fylkesmannen har handsama søknaden etter forureiningslova og vurdert han etter naturvern-, friluftsliv-, vilt-, lakse- og innlandsfiskeinteresser, og naturmangfaldlova. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter Akvakulturlova.
Brev med vurdering av saka og løyve finn du til høgre på sida eller på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Fylkesmannen, som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med
referansenummeret som står i saksdokumenta.