Kunngjering - Løyve til forureining frå to akvakulturanlegg i Austevoll kommune

Lerøy Ocean Harvest AS har 10. juni 2024 fått to nye løyve etter forureiningslova til etablering av akvakulturanlegg for makroalgar på lokalitetane Erholmen og Håviksflu.

Publisert 17.06.2024

Løyvet på Erholmen gjeld for ein årleg produksjon på inntil 2200 tonn tare, og løyvet på Håvikflu gjeld for inntil 1000 tonn. Det er sett vilkår knytt til overvaking av miljøverknader.

Statsforvaltaren har handsama søknadene etter forureiningslova. Utsleppsløyvaer ikkje gyldige før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova.

Brev med vurdering av dei to søknadene og løyvedokumenta for kvar lokalitet finn du til høgre på sida. Løyva vert òg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.