Fellesprosjektet Arna - Stanghelle (FAS) - løyve til anleggsarbeid område FAS Vest

Oversikt over inndeling i søknadsområde Vest, Midt, Øst og Sørfjorden, Kjelde: Statens vegvesen

Statsforvaltaren i Vestland gav 20. januar 2025 løyve etter forureiningslova til førebuande arbeider i område FAS vest - Fellesprosjekt Arna - Stanghelle. Løyvet er gitt til Statens vegvesen og Bane NOR

Publisert 20.01.2025

Område Vest er frå Trengereid til og med Gaupås i Bergen kommune. Dei førebuande arbeida gjeld etablering av riggområde på Espeland nord med drift av knuseverk og mellomlager for bunnrenskmassar.

nformasjon

Søknad om løyve  og løyvet med vilkår ligg på  til høgre på denne sida. I løyvet er det referanser til andre dokument/rapportar. 

Løyvet ligg også på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser, kan klage på vedtaket innan tre veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret 2024/4959.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.