Ta omsyn til villreinen i påskefjellet

Som turgåar på påskefjellet kan du uroe villreinen i ei ekstra sårbar periode før kalvingstida. Foto: Åsmund Skancke Karlsnes

Vi ber alle turgåarar og andre som ferdast i påskefjellet, om å ta omsyn til villreinen og ikkje uroa dyra

Publisert 11.04.2025

Påska er rett om hjørnet, og det er mange som dreg til fjells – til fjellområde der også villreinen bur heile året. I år er påska sein og fell nesten saman med kalvingstida for reinen. Simlene vil kalve i månadsskiftet april/mai og utover, og unødige forstyrringar i denne tida er ikkje bra for dyra.

Villreinen er sårbar før kalving

I tida før dei blir fødde er kalvane heilt avhengige av at mora får fred og ro til å byggje opp kroppsreservane sine, og når det no nærmar seg kalving, er simlene ekstra sårbare. Ved for mykje forstyrring kan simla kaste/abortere fosteret.

Villreinen er i dag i ei vanskeleg situasjon i mange av fjellområda våre, og det er eit mål at dyra skal kunne nyttegjere seg mest mogleg av leveområda sine. Det er den totale menneskelege aktiviteten i fjellet som i sum er negativ for villreinen. I påskefjellet blir derfor kvar skiturist oppfatta som eit potensielt trugsmål frå villreinen sin ståstad.

Det blir arbeid for å betre tilstanden for villreinen i leveområda, og Stortinget behandla ei eiga melding om villreinen i 2024 der det vart sagt at den negative utviklinga må snu innan 2030.

Trekk unna dersom du treff på ein villreinflokk

I Vestland kan du treffe på villrein i mange av fjellområda våre. Hardangervidda, deler av Nordfjella ved Hallingskarvet, Fjellheimen/Vikafjellet, deler av Jotunheimen, i fjellet mellom Lærdal og Årdal, samt fleire mindre område i Sunnfjord og Nordfjord.

Generelt er dyra mindre skye i dei små områda, og meir sky i våre store fjellområde. Det er uansett viktig å respektere bandtvangen for hund som starta 1. april, sjølv om fjellet ser «tomt» ut der vi går. Reinen har veldig god luktesans og kan få vær av oss på lang avstand. Dersom du treff på ein villreinflokk er det fornuftig å trekke seg unna, ta omsyn til vindretninga, og uroa minst mogleg.

Nyt påskefjellet og takk for at de tek omsyn til villreinen!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.