La bosset liggje i Kvernavika og Rekevika

Ved Kvernavika i Austevoll og Rekevika i Kinn skal kvar plastbit teljast for å betre kunnskap om marin forsøpling.

Publisert 07.03.2025

Ved dei to vestlandsstrendene må du la vere å plukke boss som har kome i land sjøvegen. Strendene er ein del av ei nasjonal styrking av overvakingsprogrammet av strandsøppel.

Gul kajakk med blå plastflaske og garn og tank på.
Noreg deltek i eit internasjonalt overvakingsprogram gjennom Oslo-Paris-konvensjonen (Ospar). I Vestland fylke er Kvernavika i Austevoll og Rekevika i Kinn valt ut til å vere med i overvakingsprogrammet for strandsøppel, så ved desse strendene skal du ikkje plukke med deg strandsøppel. Foto: Gidske Andersen / Gidske Andersen.

Overvaking av strandsøppel er ein del av eit internasjonalt program

I Noreg er det Miljødirektoratet som koordinerer overvakinga. Overvakinga skjer ved 15 norske strender langs norskekysten og Svalbard, og inngår i eit nettverk av tilsvarande overvakinger av strender i mange andre land. Arbeidet er knytt til Oslo-Paris-konvensjonen (Ospar), som jobbar regionalt for å hindre forureining i havet, og verne økosystem og det biologiske mangfaldet. 

Ved å late vere å plukke boss som har kome i land ved dei utvalde strendene vil ein kunne få innsikt i status og trendar i havområda våre.

Les meir om overvakinga på Miljødirektoratet sine nettsider

Ta likevel med deg tilført boss

Hugs at du sjølvsagt må ta med deg eige boss ved besøk ved desse og andre strender. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.