Vi ser ei forbetring ved mottaksanlegg for farleg avfall
I perioden mars til mai 2024 gjennomførte Statsforvaltaren i Vestland tilsyn ved 11 anlegg for mottak og mellomlagring av farleg avfall som del av ein nasjonalt koordinert tilsynsaksjon.
Rapportane frå tilsynsaksjonen er lagt ved denne nettsaka.
Under tilsyna vart det avdekka fleire avvik knytt til handtering, risikovurdering og rutinar. På tross av at det vart avdekka avvik hos alle anlegga det vart utført tilsyn ved, ser vi ved dei fleste anlegga ei generell forbetring ved mottak, mellomlagring og vidarelevering av farleg avfall i Vestland fylke. Avvika vi fann ved anlegga i fylket er mindre omfattande enn kva som er avdekka under tidlegare aksjonar i same bransje.
Ved fleire av anlegga er det allereie gjennomført tiltak for å rette tilhøva.
Miljødirektoratet har laga ein oppsummerande sak for dei nasjonale resultata.
Kontaktpersonar
Dokument
- Franzefoss Gjenvinng AS avd Knarrevik - tilsynsrapport 2024.pdf
- Franzefoss Gjenvinning AS avd Florø - tankanlegg Fjordbase - tilsynsrapport 2024.pdf
- NGIR IKS - Kjevikdalen - tilsynsrapport 2024.pdf
- Norsk Gjenvinning AS avd Førde - tilsynsrapport 2024.pdf
- Norsk Gjenvinning AS avd Knarrevik - tilsynsrapport 2024.pdf
- Ragn Sells AS avd Bergen - tilsynsrapport 2024.pdf
- SAR AS avd Florø - Botnastranda - tilsynsrapport 2024.pdf
- SAR AS avd Florø - Tankanlegg - tilsynsrapport 2024.pdf
- Sunnfjord Miljøverk IKS - Hesjedalen - tilsynsrapport 2024.pdf
- Tenden Miljø AS avd Stryn - tilsynsrapport 2024.pdf
- Vartdal Gjenvinning AS avd Florø - Botnastranda industriområde - tilsynsrapport 2024.pdf