Vi startar opp overvaking i Sognefjorden

to personar brenn bål med fjorden og vakker himmel i bakgrunnen
No startar vi overvaking av Sognefjorden, eit prosjekt som skal pågå dei neste tre åra. Målet er å få vite meir om "helsetilstanden" til fjorden. Foto: Vegard Byrkjeland Aasen.

I januar 2025 er det oppstart av overvakingsprogrammet som skal gå i Sognefjorden dei neste tre åra. Målet er å kartlegge og overvake tilstanden i fjorden.

Publisert 28.11.2024

Program for å overvake tilstanden i vatnet rundt oss

Overvakingsprogrammet er utarbeidd av Statsforvaltaren som del av vårt embetsoppdrag og krava som ligg i vassforskriftas § 18 og vedlegg V Kap. 1.3 om å sørge for gode og heilskaplege overvakingsprogram for å kartlegge og overvake tilstanden i vassførekomstane våre. Overvakingsprogrammet ligger i lenke i høgremargen, eller under om du les saka på mobiltelefon eller nettbrett.

Verksemder får pålegg om deltaking i spleiselag

Alle verksemder med løyve frå oss, eller som er forskriftsregulert med utslepp til sjø, får pålegg frå oss om deltaking i eit spleiselag for å dekke kostnadane til programmet. Varsel om pålegg vil gå ut i løpet av januar/februar 2025. Kommunane og verksemder regulert av Miljødirektoratet vert og invitert inn i spleiselaget med lik fordeling av kostnader. Statsforvaltaren går inn med omtrent 50 % av den totale kostnaden. 

Det vert òg tatt prøver av sidefjordar

I tillegg til eit overvakingsprogram som dekker heile hovudfjordsystemet vil det samtidig bli tatt prøver i sidefjordar for å undersøke påverknad frå spesifikke kjelder. Desse stasjonane blir dekka av verksemder sjølv og/eller kommunane. Desse prøvepunkta er ikkje vist i dette kartet.

Kartet viser Sognefjorden i Noreg med topografiske detaljar som innsjøar, fjell, og dalar. Det er fleire farga punkt merka på kartet, som kan indikere prøvepunkt eller andre viktige stader. Fjorden strekk seg frå vest mot aust, omgitt av fjell og ulike landformer. Stader som Aurland og Lærdal er synlege langs fjorden.
Figur 1: Oversikt over prøvepunkt. Ved dei gule punkta er det vassovervaking, oksygenmåling på botn, miljøgifter og botndyr i sediment. Dei blå punkta markerer stader der det vert tatt prøver som skal analyserast for miljøgifter og botndyr i sediment. Ved dei grøne punkta skal det kontrollerast fjæresone og makroalgar. Foto: Fylkesatlas / Statsforvaltaren i Vestland.

Vi skal ta vassprøver og prøver av sjøbotn 

I Sognefjorden skal vi i tillegg til å ta vassprøver av næringssalter, klorofyll og måle oksygen i botnvatnet, gjere undersøkingar av fjæresone og makroalgar i sjøsone for å sjå etter teikn på eutrofiering (overgjødsling). Vi skal òg ta prøver av sjøbotn for å undersøke belastninga av miljøgiftar og om dyra som grev og lever i sediment på botn har gode levevilkår.

Første rapport kjem i 2026

Første rapport vil bli levert på nyåret 2026 og vil då innehalde alle data på sedimentovervakingsdelen, altså botndyr og miljøgifter. Samtidig vil første del av vassovervakinga bli presentert. Overvakinga er ikkje komplett før etter tre år. Trykk på denne lenkja om du vil lese meir om kva som skal overvakast, og lenkje til rapportane så snart dei er klar, som ligg i vår samlesak om overvaking av miljøtilhøva i kystvatn.

ei sjøstjerne sit på ein stein under vatn
Å ta prøver av mellom anna sjøbotn kan få fram kunnskap om det er miljøgifter der, og om dyra som grev og lever i sediment på botn har gode levevilkår. Foto: Vegard Byrkjeland Aasen.

Vassforskrifta skal hjelpe oss å ta vare på vatnet

Vassforskrifta er eit verktøy for å ta vare på alt vatnet rundt oss, anten det er ein bekk, ei elv, ein innsjø, ein fjord eller ei kyststrekning. Om du lurer på korleis vassforskrifta påverker kvardagen vår, finn du meir informasjon ved å følgje denne lenkja.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.