Om anleggsarbeida for Fellesprosjektet Arna – Stanghelle (FAS)
Anleggsarbeida for Fellesprosjektet Arna–Stanghelle (FAS) er delt inn i to hovudfasar:
- Førebuande arbeid (oppstart 2024 – første halvår 2026)
- Hovudprosjekt (forventa avslutta 2034)
Tiltaksområdet er oppdelt geografisk i fire område. Statens vegvesen søkjer om løyver for anleggsarbeidet i førebuing- og hovudprosjektfase etter denne inndelinga. Inndelinga i søknadsområde er basert på type resipient, type anleggsarbeid og den geografiske entreprisedelinga i hovudprosjektet.
For kvart søknadsområde vil det bli sendt inn fleire delsøknader om utviding/endring av gjeldande løyve i løpet av anleggsperioden. Delsøknadene vert sendt inn kontinuerleg, avhengig av framdrifta i prosjektet.
![Kart som viser inndeling av søknadsområde, trasé for ny jernbane og veg,
og tiltaksområde og anleggstunnelar i Fellesprosjektet Arna – Stanghelle (FAS).
Områdeinndelinga Aust, Midt, Vest og Sørfjorden blir nytta i samband med
søknadene for prosjektet om løyve etter forurensningsloven. Foto: Statens vegvesen. Kart som viser geografisk inndeling av område, inkludert påverka elvar, byar og tettstader og tunnelar.](/siteassets/fm-vestland/miljo-og-klima/forureining/fellesprosjektet-arna-stanghelle/inndeling-soknadsomrader-tiltaksomrader-fellesprosjektet-arna-stanghelle.png)