Løyve til stamfiske i Lærdalselvi

Saka om løyve til stamfiske i Lærdalselvi ligg no hos Statsforvaltaren i Rogaland etter at statsforvaltar Liv Signe Navarsete vurderte seg ugild og embetet bad Digitaliserings- og forvaltingsdepartementet om å oppnemne setjestatsforvaltar.

Publisert 27.06.2024

Lærdal elveeigarlag har hatt løyve til stamfiske i førti år, etter at Stortinget i 1984 sette det som eit av vilkåra då  Østfold Energi fekk løyve til kraftutbygging i Lærdal. Løyva har blitt gitt for bolkar på fem år, det siste løyvet frå 2019 til og med 2023, og Lærdal elveeigarlag søkte om eitt års forlenging av dette. Vi gav først avslag på søknaden med bakgrunn i ein forskarrapport som er utarbeidd for Miljødirektoratet. Elveeigarlaget klaga på vedtaket, og vi tok klagen til følgje då den nemnde rapporten enno ikkje var handsama i Miljødirektoratet. Habilitet vart diskutert i samband med klagen, utan at vi konkluderte. Etter nærare vurdering kom vi fram til at statsforvaltaren var ugild, og bad om setjestatsforvaltar. Saka ligg no hos Statsforvaltaren i Rogaland, som vil handsame ho som setjestatsforvaltar og ta avgjerd.

Vi vidareførte løyvet på same vilkår som løyvet Lærdal elveeigarlag hadde frå 2019 til 2023; fangst ved hjelp av not, garn, lys, hov og stang, eller ved direkte innvandring i kilen ved Lærdal Villakssenter. Ved ein feil hadde ordet stang falle ut av lista over fiskereiskapar, men vart forstått av Lærdal elveeigarlag i tråd med intensjonen, at stang kunne nyttast som ved tidlegare løyve. Kven som skulle delta og fiske i stamfisket, var ikkje kjent for Statsforvaltaren og er heller ikkje ei relevant opplysning i vurderinga.

Denne feilen er frå fleire hald framstilt som at det vart drive ulovleg fiske i Lærdalselvi for å omgå vedtaket om stenging av laksefisket, men dette er ikkje rett. Fiske med stang i Lærdalselvi er i tråd med vedtaket gjort 8. juni 2024.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar