Kommunane har ansvar for å følge opp forsøplingssaker

kassert køyretøy, plasavfall i elv, skrot som er delvis oppbrent, båter som holder på å synke
Kasserte køyretøy, plastforsøpling, båtar som er skjemmande og utgjer ei fare for forureining og brenning av avfall er nokre av utfordringane som kommunen er miljømyndigheit for å følge opp. Foto: Statsforvaltaren i Vestland .

For å få meir kunnskap om korleis kommunen jobbar med forsøplingssaker skal vi i år gjennomføre ein tilsynsaksjon. Dette blir gjennomført over heile landet, og vi vil gå i dialog med 10 kommunar i vårt fylke om deira arbeid. 

Publisert 27.05.2024

Kva er forsøpling? 

Forsøpling er avfall på avvege, og kan vere både skjemmande for omgjevnadane og ei kjelde til forureining. Forsøpling er ikkje lov. Det betyr at ingen må tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at det kan virke skjemmande eller være til skade eller ulempe for miljøet. Den som har forsøpla skal sørge for naudsynt opprydding. 

Kommunen sitt ansvar

Kommunen har ansvar for å følge opp forsøplingssaker. Dei har lokalkunnskap til å vurdere kva for tiltak som er naudsynte i dei einskilde sakene. I ein situasjon der kommunen får tips eller oppdagar forsøpling, skal kommunen følge dette opp. 

Kommunen kan gi pålegg til den ansvarlege om opprydding eller om å dekkje kostnader som nokon har hatt til opprydding. Privatpersonar, organisasjonar og andre føretak kan be kommunen om å gje den ansvarlege slikt pålegg. 

Kommunen har plikt til å vurdere og behandle slike førespurnadar.

Kommunen si avgjerd i saka er eit enkeltvedtak sjølv om det ikkje er gitt pålegg. Det kan dermed også klagast på avgjerda om å ikkje gje pålegg. Det vil seie at du kan sende ei klage til kommunen din på at du er ueinig i deira avgjerd om å ikkje gjere noko i saka.

Kva plikter og krav er sett til den som driv utsalsstad og/eller er festivalarrangør

Den som driv daglegvarehandel, bensinstasjon, kiosk eller liknande utsalsstad skal sørge for oppsetjing av avfallsbehaldar i nærleiken av salsstaden og tømming av desse. I tillegg skal dei gjennomføre nødvendig opprydding i området. Det same gjeld den som driv leirplass eller anna turistanlegg. 

Arrangør av tilstellingar eller stemne, som tildømes festivalar, skal sørge for naudsynt opprydding etterpå med mindre det er ein annan som er ansvarleg etter forureiningslova § 35. 

Kommunen fører tilsyn med desse pliktene, og kan følgje opp brot gjennom å gje "dei pålegga som er naudsynte" til gjennomføring av reglane. 

Brevkontroll 

Eit kommunetilsyn på forsøpling vil gje kunnskap om korleis kommunen organiserar, utfører og etterlever sine plikter på forsøplingsområdet, og korleis dei bruker si myndigheit. 

Tilsynsaksjonen vert gjennomført som ein brevkontroll i eit utval av kommunar i kvart einskild fylke. Vi har sendt ut brev til 10 kommunar i Vestland. Brevet er vedlagt eit spørreskjema som skal fyllast ut og sendast i retur innan 12. juli 2024. 

Mål for tilsynsaksjonen

Det er eit mål for tilsynsaksjonen å få kunnskap om korleis kommunane jobbar med forsøplingssaker. Ein ønskjer samstundes å auke merksemda om og bevisstgjering av arbeidet med forsøplingssaker i kommunen. 

I tillegg er det eit ønskje å avdekke kommunen sine behov for ytterlegare rettleiing og verkemiddel i arbeidet med forsøplingssaker. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.