Årleg rapportering for avfallsanlegg

Vi viser til løyve etter forureiningslova til drift av avfallsanlegg der det er krav om rapportering til Statsforvaltaren i Vestland innan 1. mars kvart år.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.02.2023

Skjema for rapportering ligg til høgre på denne sida. Skjemaet er laga i excel og er delt inn i følgjande arkfaner:

  1. Om anlegga:                       Generell informasjon om anlegga
  2. Internkontroll:                   Eiga vurdering av anlegga
  3. EE-avfall:                             Mottatt, lagra og vidaresendt - EE-avfall
  4. Sortering:                            Mottatt, lagra og vidaresendt - sorteringsanlegg
  5. Avfallskodar:                      Oversikt over avfallskodar frå NS 9431:2011

Vi ber om at arkfaner som er relevante for verksemda og løyvet blir fylt ut. Under arkfane «Sortering» er det viktig at de fyller inn undergrupper. Undergruppene finner de under arkfane «Avfallskoder». Bruk undergruppene som er relevante for verksemda og for løyvet. Dersom undergruppene ikkje er fylt ut vil vi vurdere å returnere skjemaet.

Skjemaet sender de på e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no eller til Statsforvaltaren i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger innan 1. mars.


Tilbakemelding på årsrapporten
Som ein hovudregel vil årsrapportane bli gjennomgått og tatt til orientering, årsrapporten vil då vere ein del av grunnlaget ved framtidige tilsyn. Dersom det er noko spesielt vil dette bli tatt opp i ei direkte tilbakemelding.


Nokre typar av avfallsverksemd skal rapportere i Altinn

  • Dersom verksemda har løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall som definert i avfallsforskrifta kapittel 11 vedlegg 4, skal de rapportere data knytt til farleg avfall via Altinn. Miljødirektoratet sender ut informasjon om rapportering via Altinn til dei det gjeld.
  • Dersom verksemda har løyve til å behandle (miljøsanere/demontere) EE-avfall som definert i avfallsforskrifta kapittel 1 § 1-23, jf. § 1-22, skal de rapportere data knytt til EE-avfall via Altinn, og kan sjå vekk frå arkfane 4. Miljødirektoratet sender ut informasjon om rapportering via Altinn til dei det gjeld. Verksemdene som berre tar imot og mellomlagrar EE-avfall skal rapportere på vedlagt skjema.
  • Dersom verksemda har løyve til biologisk behandling av organisk avfall, kompostering, skal de rapportere data knytt til dette via Altinn. Miljødirektoratet sender ut informasjon om rapportering via Altinn til dei det gjeld.
  • Dersom verksemda har løyve til mottak av kasserte køyretøy og ikkje rapporterer til Autostat eller Skatteetaten, skal de rapportere på dette skjemaet.

Dersom anlegget ikkje lenger er i drift og løyvet skal trekkjast, ber vi om at dette blir meldt til Statsforvaltaren. Send søknad om eventuelle endringar i løyvet som eiga sak.

Ta kontakt med din saksbehandlar for spørsmål.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.