Tilkot til plastpresse

Plast blir pressa i ein komprimator
Det finst fleire ulike presser som kan brukast til å komprimere plast. Foto: Bastian Edi Hoffmann/SFVL.

Statsforvaltaren i Vestland ønsker å bidra til betre handtering av plast i landbruket, og lyser no ut 150 000 kr frå det regionale klima- og miljøprogrammet. Målgruppa er kommunane, og tilskotet skal gå til plastpresser/komprimatorar.

Publisert 28.10.2024

Landbruksplast på avvege er eit problem, sjølv om det meste av landbruksplasten blir resirkulert. Dei siste prosentane som ikkje blir sendt til gjenvinning kan føre til stor forureining. Plastpresse eller komprimator kan gi betre kvalitet på plasten som skal leverast, og dermed høgare gjenvinning. Når plasten er pressa og lagra i ballar, er det mindre sjanse for at den kjem ut i naturen.

Kven kan søkje

Målgruppa er kommunane. De søker og rapporterar klima- og miljømidlar i Altinn, og fordeler midlane til føretak i kommunen. De kan sjølv bestemme korleis de gjennomfører søknadsrunden, men merk at det er nokre vilkår for tilskotet. 

Søknadsfristen er 12. november

Vilkår for tilskotet

  • Tilskot per plastpresse er 7000 kr
  • Tilskotet skal ha ein arbeids- og rapporteringsfrist på 1 år (eller ut 2025)
  • Tilskotet er til nyinvestering og har ikkje tilbakeverkande kraft
  • Plastpresse kjøpt med tilskot kan ikkje seljast vidare i løpet av dei neste 5 åra

Dei som er medlem i Norges Bondelag og kunde hos Gjensidige har også høve til å søkje om støtte i Bærekraftfondet. Les meir på nettsida til Gjensidige.

Kva er klima- og miljømidlane?

Klima- og miljøprogrammet skal bidra til å nå landbrukspolitikken sine mål innan klima og miljø. Statsforvaltaren forvaltar midlane som går til fylkesvise tiltak.

Retningslinjer for fylkesvise midlar frå klima- og miljøprogrammet i
jordbruket.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.