Stimuleringstilskot til kommunale veterinærtenester 2025
Kommunar og veterinærdistrikt i Vestland kan no søke om stimuleringstilskot til veterinærdekning for 2025. Søknadsfristen er fredag 28. februar.
Stortinget har løyvd 36,727 millionar kroner i stimuleringstilskot for 2025. Løyvinga til Vestland fylke er kr 6 783 000. Statsforvaltaren i Vestland gjer vedtak om tildeling av midlane etter handsaming av søknadar frå kommunar eller vaktdistrikt i tråd med føringar frå Landbruksdirektoratet.
Føremål med ordninga
Føremålet med ordninga er å bidra til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake område på dagtid, innan ordinær arbeidstid.
Kven kan søke?
Alle kommunar og vaktdistrikt i Vestland kan søke om midlar til tiltak. Det er administrasjonskommunen som søker på vegne av vaktdistriktet om heile vaktdistriktet søker saman.
Søknad og rapport i Altinn
Kommunen søker og rapporterer på elektronisk skjema i Altinn. Frist for dette er sett til fredag 28. februar.
Ved søknad og rapportering skal kommunen skildre kva tiltak dei vil prioritere i 2025, og korleis tildelte midlar er nytta i 2024.
Føringar og prioriteringar
Statsforvaltaren prioriterer stimuleringstilskot til:
- Kommunar med dårleg næringsgrunnlag for veterinærar
- Kommunar med lågt dyretal og krevjande infrastruktur
- Der stimuleringstiltaket er hensiktsmessig for å bidra til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell
- Kommunar som har vanskar med å rekruttere og behalde veterinærar, og som har hensiktsmessige tiltak som vil betra dette
Vilkår om vaktdeltaking
Frå 2024 vart ordninga der kommunar sette krav om vaktdeltaking for at veterinærane skal få motta stimuleringstilskot permanent. Kommunar skal rapportere særskilt om dette i den årlege rapporteringa.
Vi viser til utfyllande informasjon i rundskriv 2024-40 som er lenka til denne sida.