Framleis mogleg å søke opplæringstilskot
I mai vart det innført ei midlertidig ordning som opna for tilskot til opplæring av arbeidstakarar i grøntnæringa. Midlar over ordninga blir tildelt fortløpande uavhengig av søknadsfrist 15. november.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Totalt vart det løyvd 25 millionar kroner til opplæringstilskot over revidert nasjonalbudsjett. Av dette har i underkant av 5,3 millionar kroner blitt utbetalt per 5. oktober. Det er viktig å merke seg at opplæringstilskot blir tildelt fortløpande og kan bli brukt opp før søknadsfrist 15. november.
Tilskot til opplæring kan bli gitt til føretak som produserer grønsaker, frukt, bær eller potet, og som har tilsett sesongarbeidstakarar i 2021. Pakkeri som er heileigd av føretak som produserer grønsaker, frukt, bær eller potet er også omfatta av ordninga. Følgande vilkår må vere oppfylt for å få opplæringsstilskot:
- Arbeidstakar har behov for opplæring og har ikkje vore tilsett hos føretaket tidlegare.
- Arbeidstakar har lovleg opphald i Noreg og har ikkje kome til landet på bakgrunn av forskrift om søknad om unntak fra innreiserestriksjonene for utlendinger som er strengt nødvendige for å opprettholde forsvarlig drift i grøntnæringen.
- Arbeidstakar har timelønn etter forskrift om allmenngjøring av tariffavtale for jordbruks- og gartnerinæringene
- Arbeidstakar har vore tilsett hos føretaket i ei stilling tilsvarande minimum to vekers fulltidsstilling innanfor den produksjonen arbeidstakar fekk opplæring i.
Ein søker opplæringstilskot via Altinn.