Endra reglar for skogeigarar som ikkje er MVA-pliktige og bruk av skogfond
Landbruksdirektoratet har endra praksisen for bruk av skogfond for skogeigarar som ikkje er MVA-pliktige. Dei kan no nytte skogfond med skattefordel til også å dekke meirverdiavgifta på investeringa.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er Skattedirektoratet som har avklart korleis dette skal praktiserast.
Skogeigarforbundet og Skogkurs har omtala endringane på heimesidene sine.
Ved tilskotsutrekning skal framleis kostnad utan MVA vere grunnlag for tilskotet. (Skatteetatens avklaring har ikkje noko med tilskotet å gjere).
Forklaring om føring av skjema
Landbruksdirektoratet sitt brev: Avklaring om skogfond for skogeiere som ikke er MVA-pliktige og endret praksis når det gjelder skattefordel av skogfond for denne gruppen
Kontaktpersonar
-
Torkel Hofseth
Tlf: 57 64 30 83 -
Turid Digernes Eikås
Tlf: 57 64 30 61 -
Torleiv Skage
Tlf: 55 57 21 73 / 97 14 41 24