Landbruksvegar
Skal du bygge skogsveg? Då må du søkje kommunen om løyve. Skogsvegar og andre vegar med landbruk som føremål vert behandla etter Forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksvegar og er unnateke behandling i Plan- og bygningslova.
Føremålet med denne forskrifta er å sikre at planlegging og bygging av landbruksvegar skjer på ein måte som gir landbruksfaglege heilskaplege løysingar. Det skal samtidig leggast vekt på omsynet til miljøverdiar som naturmangfald, landskap, kulturminne og friluftsliv, omsyn til fare for flaum, erosjon, lausmasseskred, og andre interesser som vedkjem veganlegget.
Kommunen skal handsame søknadar om bygging av landbruksvegar, og med Statsforvaltaren som klageinstans.
Kulturstyresmaktene, Statens vegvesen og Jernbaneverket skal få høve til å uttale seg i saker som vedkjem deira ansvarsområde eller infrastruktur.
Som ein del av saksførebuinga ber vi om at kommunen sender alle saker med nye bilvegar til uttale hjå oss, og gjerne også traktorvegar der kommunen ynskjer fråsegn frå oss før saka vert handsama.
På denne temasida om landbruksvegar samlar vi relevant regelverk, rundskriv og kjelder til informasjon om natur, miljø og ressursgrunnlag i skogbruket.
Kontaktpersonar
Lenkjer
Dokument
Naturinformasjon
Kilden om naturinformasjon
Fylkesatlas:
- Skogbruk
- Naturinformasjon