Tilskot til drift av beitelag
Det kan gjevast tilskot for drift av beitelag som er registrerte i Einingsregisteret og som har beitedyr i utmark.
For at søknaden skal kunne godkjennast må:
- Beitelaget ha minst 2 medlemmar
- Dyra ha vore minst 5 veker på utmarksbeite
- Beitelaget ha organisert tilsyn og sanking tilpassa lokale tilhøve (minimumskrav er felles ettersankedato for beitelaget/kommunen)
- Beitelaget ha levert inn årsrapport i, eller som vedlegg til, søknaden (årsrapporten kan skrivast i fritekstfeltet i søknaden)
Årsrapporten skal innehalde:
- Dato for årsmøte i søknadsåret
- Sum midlar på konto per 1. november i søknadsåret
- Kort årsmelding som syner aktivitet i beitelaget og målretta bruk av midlar for beitebruk i utmark i søknadsåret, samt eventuelle utfordringar for beitelaget og beitebruken
Tilskotet er ei driftsstøtte til fellestiltak kring beitebruk i utmark. Tilskotet kan brukast til alle investeringar eller tiltak i regi av beitelaget som er positive for beitebruken i utmark, også til gjerdehald mot utmark eller for lengre transport til og frå utmarksbeite.
Medlemmane kan søke beitelaget om støtte til investeringar eller tiltak som er positive for beitebruken i utmark. For større investeringar og tiltak kan beitelaget søke kommunen om investeringsstøtte i tillegg til driftsstøtta som beitelaget får gjennom Regionalt miljøprogram.
NB! Både investeringsstøtta og driftsstøtta skal brukast til tiltak i utmark, ikkje på innmark.
Beitelaga kan velje å organisere seg per kommune slik at også føretak som er åleine i sitt utmarksområde kan vere medlem i eit beitelag. Det vil variere mellom beitelaga i kor stor grad samarbeid kring organisert tilsyn og sanking kan utførast grunna dyr i ulike beiteområde, men minimumskravet er felles ettersankedato for beitelaget eller kommunen. Mjølkekyr og mjølkegeit kjem inn under tiltaket dersom dei oppfyller kravet til minst 5 veker beiting i utmark og føretaket er medlem i eit beitelag.
Beitelag har eigen søknadsomgang med søknadsfrist 15.november.
Tiltaksklassar, utmålingseining og førebelse tilskotssatsar
Storfe og hest | kr 35 per dyr sleppt på utmarksbeite |
Småfe | kr 30 per dyr sleppt på utmarksbeite |
(Tilskotet vert utmålt per dyr som er sleppt på utmarksbeite, og det er strenge krav til drift av og rapportering frå beitelaga, sjå definerte krav over.) |
Kontaktpersonar
Søknadsinformasjon
Dette tilskotet er eit av fleire tilskotsordningar som er ein del av regionalt miljøprogram. For beitelag gjeld eigen søknadsfrist; 15. november.
Les meir om regionalt miljøprogram, inkl. søknadsinformasjon, på temasida til RMP