Naturbruk til stor nytte
Den årlege utdanningsmessa i Bergen i januar synte stor interesse for naturbruk. Truleg var over 1000 elevar innom naturbruksstanden i løpet av to dagar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Den årlege utdanningsmessa i Bergen hadde over 100 stands og 8000 besøkande. Fylkeskommunen, statsforvaltaren, Vestland bondelag, Felleskjøpet og dei fire vidaregåande skulane som har naturbruk i fylket markerte seg sterkt på messa med eigen stand om naturbruk, og fekk andrepremie for beste stand.
Elevane er interesserte i naturbruk, fordi det er viktig med grøn omstilling og å ta vare på naturen. Men det er vanskeleg å vite kva utdanning ein skal velje og sjå føre seg eit framtidig yrke. Det understreka fleire av dei 130 elevane frå Natland skule sine 9.klassingar, som var på utdanningsmessa. Om eitt år skal dei søkje plass i den vidaregåande skulen, og naturbrukslinene kan gjerne få fleire elevar vidare til dei tradisjonelle faga innan landbruk.
Elevane kan få studiekompetanse etter tre år på naturbruk, men dei kan også gå ut i lære. Dei kan trygt ta over gard etter vidaregåande skule. Dei får også eit grunnlag for å kunne velje mange ulike yrke og studieretningar, frå veterinær til skogbrukar, naturrettleiar innan reiselivet eller landbruksmekanikar. Det er fleire moglegheiter enn ein skulle tru, oppdaga elevane og studierettleiarane som var innom standen.
Les meir om Ungdom satsar på naturbruk - Vestland fylkeskommune
Kontaktpersonar
-
Frøydis Lindén
Tlf: 55 57 21 86 / 90 55 21 94