Kommunesamling om regionalt miljøtilskot
Fylkesmannen ønskjer kommunetilsette velkommen til samling om dei regionale miljøtilskota (RMP-tilskota). Det vert òg ein bolk om kart i Fylkesatlas med tema vassforureining.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Dei regionale miljøtilskota vert rullerte og ny forskrift har vore på høyring våren 2019. På samlinga vil vi informere om tilskota som skal gjelde frå og med søknadsomgangen 2019. Vi håpar at så mange som mogleg har høve til å delta, slik at kommunane blir godt rusta til å informere og rettleie søkjarane av RMP og seinare handsame og kontrollere søknadene.
Samlinga vert arrangert på to stader:
- Bergen tirsdag 18. juni, Scandic Ørnen hotell
- Førde torsdag 20. juni, Scandic Sunnfjord hotell
Tid: kl 10.00 til ca 15.30.
Samlinga er gratis.
Program for samlinga kjem seinare.
Påmeldingsfrist 4. juni.