Kurs i etablering av småskala grøntproduksjon
For sjette år på rad blir det arrangert oppstartsprogram for marknadshagedrift i Vestland. Som deltakar vil du få kunnskap om sal av lokalmat og god agronomi for kommersiell småskala grønnsaksproduksjon. Søknadsfristen er 22. september.
Oppstartsprogrammet skal gjere deg klar til å etablere ein småskala grønnsaksproduksjon på eigen gard eller eit leigd areal, og til å selje produkta dine gjennom ein salskanal for lokalmat.
Kurset er bygd opp etter Stadsbruk, eit inkubatorprogram for marknadshagar i Sverige. Etter fleire år med utprøving har programmet blitt tilpassa vestnorsk klima, natur og marknad.
Sentralt i programmet står nettverksbygging og erfaringsdeling. Dette, saman med tett oppfølging og faste kurssamlinger (fysisk og digitalt), skal gjere deltakarane trygge i prosessen med å starte ein testproduksjon i neste dyrkingssesong og gjennomføre prøvesal.
Det er berre 10 plassar, og du må sende inn ein kort søknad. Oppstart 25. - 26. oktober i Bergen.
Her får du meir informasjon om kurset og korleis du sender søknad.
I oppstartsprogrammet får du:
- eit nettverk og læringsfellesskap med andre dyrkarar
- praktikarar, som underviser og rettleiar deg til ein trygg oppstart
- kursinnhald, som er tilpassa vestnorske forhold og ditt areal
- kunnskap og råd om sal og marknadsføring
- verktøy for planlegging av økonomi og produksjon
- grunnlag for å utarbeide ein eigen forretningsplan, som kan brukast til å utvikle bedrifta og til å søkje støtte eller lån
- rettleiing i å starte eit "testbed” for utprøving av dyrking og sal
- tilgang til å leige eitt av testbeda på Stend vgs i Bergen, om du ikkje har eige areal.
Kurshaldar er Katinka Kilian. Prosjektet er eigd av Stiftelsen Lystgården og støtta av Vestland Fylkeskommune og Bergen kommune. Dette er siste prosjektåret i prosjektperioden 2022-25.
Kontaktpersonar
-
Ragna Flotve
Tlf: 55 57 21 72 -
Marit Hjortung
Tlf: 57 64 30 89 / 90 61 95 92