Webinar om ny gjødselbrukforskrift
Statsforvaltaren heldt digitalt informasjonsmøte om forskrift om lagring og bruk av gjødsel mv. fredag 7. mars.
Publisert 11.03.2025
Om du ikkje fekk dette med deg, kan du sjå opptak av webinaret her. Vi gjekk gjennom hovudtrekka i ny gjødselbrukforskrift, inkludert kva som gjeld frå i år og kva som vil gjelde dei komande åra. Opptak av webinaret vil vere tilgjengeleg fram til 24. mars i år. Vi har også lagt ut plansjar frå presentasjonen.
Lenkjer:
- Landbruksdirektoratet – Rettleiing til gjødselbrukforskrifta.
- Lovdata – Forskrift om lagring og bruk av gjødsel mv.
- Statsforvaltaren i Vestland - Nye krav til bruk av gjødsel