Fjerning av piggtråd og SMIL-midlar

Gamle piggtrådgjerde må fjernast dersom dei kan føre til skade på dyr og menneske.
Gamle piggtrådgjerde må fjernast dersom dei kan føre til skade på dyr og menneske. Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

Det er behov for auka innsats for å fjerne gamal piggtråd. Kommunen kan vurdere om SMIL-midlar i nokre tilfelle kan brukast til dette.

Publisert 10.05.2021

Reglar for bruk av piggtråd

Frå 2010 har det vore forbod mot bruk av piggtråd i nye gjerde og når material i gamle gjerde vert bytt ut. Forbodet er heimla i dyrevelferdslova § 15 som slår fast at det ikkje skal brukast piggtråd i gjerde for å regulere dyr si ferdsle.

I same paragraf i lova går det fram at det er grunneigar eller andre som er ansvarlege for gjerdet sitt ansvar å sjå til at gamle gjerde og piggtråd vert halde ved like. Der gjerdet kan føre til skade på dyr og menneske, er det også grunneigar sitt ansvar at gjerdet vert fjerna på forsvarleg måte.

Mattilsynet har ansvar for å følgje opp dyrevelferdslova.

SMIL-tilskot til fjerning av piggtråd?

Det dukkar ofte opp spørsmål om bruk av SMIL-midlar til fjerning av piggtråd. Spørsmålet er aktualisert etter svar frå landbruks- og matministeren på eit skriftleg spørsmål om rydding av gamal piggtråd.

Føremålet med SMIL-ordninga er tilskot til gjennomføring av miljøtiltak ut over det som er venta av vanleg jordbruksdrift. Dyrevelferdslova er klar på at ansvaret for vedlikehald og fjerning av gjerde ligg til den som er ansvarleg for gjerdet. Slik vi tolkar regelverket skal det såleis ikkje løyvast SMIL-tilskot til fjerning av piggtråd på eigedom der det vert drive vanleg jordbruksdrift, og der ansvaret for gjerdehald ligg til grunneigaren.

I område der det er uavklarte eigar- og/eller ansvarsforhold kan det likevel vere grunn til å opne opp for å støtte fjerning med SMIL-tilskot for å t.d. legge til rette for ferdsel og beiting i jordbrukslandskapet. Der det vert satsa på fjerning av piggtråd i form av fellesprosjekt, kan det òg vere grunnlag for at kommunen prioriterer bruk av SMIL-midlar til slike tiltak. Eit slikt døme er Voss kommune som i samarbeid med Mattilsynet, Bondelaget, Bonde- og småbrukarlaget og renovasjonsselskapet IHM, gir godtgjersle for innlevering av piggtråd. Her inngår SMIL-midlar i samfinansiering, mellom anna med midlar frå Vestland fylkeskommune.

Det må altså vere gode grunnar til at fjerning av piggtråd skal bli støtta med tilskot ettersom dette i utgangspunktet er lovpålagt, og må sjåast som «venta» av vanleg jordbruksdrift.

Spørsmålet og ministeren sitt svar

I byrjinga av denne saka viste vi til eit skriftleg spørsmål til landbruks- og matministeren vedrørande rydding av piggtråd. Spørsmålet kom frå stortingsrepresentant Hanne Dyveke Søttar i FrP 13. mai 2020:

Forbudet mot å benytte piggtråd ble innført 1.1.2010 i forbindelse med ny dyrevelferdslov. I følge §15 skal eksisterende gjerder utføres, eller oppføres, og holdes ved like slik at dyr ikke utsettes for fare for unødige påkjenninger og belastninger. Nå har dette forbudet virket i over ti år. Men, mange steder er det fortsatt gamle gjerderester og piggtråd som ikke har noen funksjon lenger, men som er dødsfeller for dyr.

Vil statsråden sørge for at det nå blir ryddet opp slik at gammel piggtråd blir kartlagt og fjernet?

Vi syner her nokre utdrag frå svaret til landruks- og matminister, Olaug V. Bollestad, les heile svaret i lenke i høgre marg.

Det er riktig som representanten påpeker at det er den som er ansvarlig for piggtrådgjerder som har ansvar for å vedlikeholde eller fjerne slike gjerder. Reglene beskytter ikke bare den ansvarliges dyr, men alle dyr som ferdes i området.

I flere lokalsamfunn gjennomføres dugnadsinnsats lokalt for å fjerne piggtråd fra naturen, der kommunen, næringen, miljøorganisasjoner og Mattilsynet bidrar. Dette mener jeg er en god tilnærming. Mattilsynet kan ikke løse dette problemet alene. Også hensynet til miljøinteresser og almen ferdsel kan tilsi at piggtrådgjerder må vedlikeholdes eller fjernes på forsvarlig måte. Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) er tilskudd til gjennomføring av miljøtiltak ut over det som forventes av vanlig jordbruksdrift. Formålet med tilskuddet er å redusere forurensningsbidraget fra jordbruket og fremme natur- og kulturminneverdiene i jordbrukets kulturlandskap. Vi er erfarer at fjerning av piggtråd er et prioritert tiltak for tilskuddsmidler i mange kommuner. Videre kan tilskudd til nye gjerder kobles til krav om fjerning av gamle. Slik bruk av offentlige midler gir god treffsikkerhet etter formålet, da tildelingene kan prioriteres ut i fra lokale målsettinger og strategier. Jeg mener at god informasjon, bevissthet rundt problemstillingen og felles innsats, er det som må til for å få fjernet uønsket piggtråd fra naturen.

Slik vi tolkar svaret frå statsråden, kan miljøinteresser og omsyn til ferdsel for ålmenta danne grunnlag for at kommunane kan prioritere fjerning av piggtråd i sine kommunale overordna retningslinjer for SMIL-ordninga.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.