Nytt gjødselregelverk på høyring
Regjeringa har sendt forslag til nytt gjødselregelverk ut på høyring. Forslaget inneber ei innstramming av spreiekrava, der endringane blir innført over åtte år. Det blir òg tatt omsyn til regionale forskjellar.
Publisert 22.03.2024
Her kan du lese nyheita om forslag til ny gjødselbrukforskrift, koordinert av Landbruks- og matdepartementet. Høyringsfrist er 20. juni 2024. Høyringa skjer samstundes med høyring av ny gjødselvareforskrift, koordinert av Mattilsynet.
Dei mest sentrale endringane i forslaget er:
- Reglar om bruk av gjødsel vil i større grad gjelde på tvers av gjødselslag, i og utanfor jordbruket.
- Overgang frå minstekrav for spreieareal til grense for fosformengde.
- Endringar i spreiefrist.
- Innføring av krav til journal over faktisk disponering av gjødselvarene.
Gjødselbrukforskrifta skal også ta inn føresegner om gjødslingsplanlegging, og den separate forskrifta om gjødslingsplanlegging er difor foreslått oppheva.