Spesielle miljøtiltak i landbruk - SMIL
Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) skal motivere bønder til å gjere eit ekstra arbeid for å ta vare på verdiane i kulturlandskapet og redusere forureining frå jordbruket.
Du kan søkje om tilskot til miljøtiltak som krev innsats og kostnadar utover det som er forventa i vanleg jordbruksdrift. Du må eige eller leige ein landbrukseigedom der det går føre seg jordbruksproduksjon med tilskotsrett. Dersom du leiger, må du ha godkjenning frå eigaren.
Døme på tiltak i ordninga er utbetring av hydrotekniske anlegg for å redusere forureining, tilrettelegging for opplevingar og friluftsliv, samt sikring av biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø. Du kan også søkje om midlar til planleggings- og tilretteleggingsprosjekt.
Kommunen er sakshandsamar for søknadane og fastset søknadsfrist og lokale retningslinjer for prioritering av midlane. Statsforvaltaren er klageinstans.
SMIL og etablering av kantvegetasjon
Landbruket i Vestland har lenge vore kjent for opne landskap og barberte elvekantar, og dette har lenge vore sett på som eit ideal. Men er dette eigentleg bra for livet i elva?
Publisert 09.10.2024
Kan ein få støtte til virtuelle gjerde?
SMIL-midlar skal normalt ikkje nyttast til laust teknisk utsyr slik som virtuelle gjerde (Nofence). Støtte til slikt utstyr kan inngå i beitebruksmidlane, forutsett at utstyret skal nyttast i utmarka.
Publisert 28.04.2023
Tilskot til bygging av gjødsellager
Fekk den noko seine våren deg til å tenke på lagerkapasitet for husdyrgjødsel? Det er mogleg å søkje Innovasjon Norge om støtte til å bygge nytt gjødsellager. Kommunen kan også løyve SMIL-midlar til tak/dekke over eksisterande gjødsellager.
Publisert 02.02.2022
SMIL-midlar til klima- og forureiningstiltak
Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) kan nyttast til å betre vassmiljøet og samstundes gjere garden rusta for eit endra klima.
Publisert 10.05.2021
Fjerning av piggtråd og SMIL-midlar
Det er behov for auka innsats for å fjerne gamal piggtråd. Kommunen kan vurdere om SMIL-midlar i nokre tilfelle kan brukast til dette.
Publisert 29.09.2020
Endring i SMIL-forskrift
Forskrift om spesielle miljøtiltak i jordbruket er endra, slik at det ikkje lenger er krav om å ha eit føretak for å kunne få SMIL-tilskot.