Satsing på kulturlandskap i verdsklasse

I kombinasjon med ny og gamal teknologi, og støtte frå kulturlandskapsmidlar, har ein ny generasjon satsa på framtida som bonde i Undredal.
I kombinasjon med ny og gamal teknologi, og støtte frå kulturlandskapsmidlar, har ein ny generasjon satsa på framtida som bonde i Undredal. Foto: Lisanne De Blécourt.

I år fekk bøndene i verdsarvbygda Undredal den nasjonale kulturlandskapsprisen. Dei gjer eit imponerande arbeid med drift og utvikling i samspel med kulturlandskap og natur. Med gode støtteordningar og lokalt engasjement går fleire bygder i Vestland i same retning.

Publisert 03.10.2024

Sju landskap i vest

Det er sju utvalde kulturlandskap (UKL) i Vestland, og saman med midlar frå Regionalt miljøprogram (RMP) og Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL), får verdifulle kulturlandskap i heile Vestland eit ekstra løft kvart år. Dei utvalde kulturlandskapa i Vestland er spreidde frå Stad i nordvest til Ormeli i Indre Sogn, til dei større jordbrukslandskapa i Lærdal og Ullensvang, og dei inste fjordarmane i Sogn og Hardanger. Nokre plassar har spesielt stort artsmangfald og tidsdjupne i landskapet, som til dømes dei sørvendte slåtteteigane i Gjuvslandslia på Varaldsøy i Kvinnherad, eller liene med styvingstre på Grinde og Engjasete i Sogndal kommune.ingstre på Grinde og Engjasete i Sogndal kommune.

Ekstra ressursar er viktig

Topografien på Vestlandet set grenser for storleik og utforming av jordbruksareala. Mange stader der det difor behov for ekstra innsats for å oppretthalde drifta og ta vare på verdiane. Kulturlandskapet i fjellet og i fjord- og kystlandskapet er skapt av landbruk, særleg gjennom hausting av grovfôr med slått og beiting. Når kulturlandskapet gror igjen, vil det få fylgjer både for landbruket, lokal busetnad, tilgjenge i naturen, biologisk mangfald og for reiselivet.

God støtte

Kommunane forvaltar årleg midlane til RMP, SMIL, UKL og Verdsarvordninga. Godt skjønn og grundige skjøtsel- og forvaltningsplanar er grunnlag for tildeling av støtte. Statsforvaltaren i Vestlands si landbruksavdeling og klima- og miljøavdeling støttar kommunane i samarbeid. Her er det overlappande arbeid mellom verneområde, utvalde kulturlandskap eller verdsarvområde. Dette gir gode synergiar og god støtte til forvaltninga lokalt og til produsentane.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.