Bonden og vassdraget - plan på høyring

Til beste for vassdraga våre er det føreslege mange tiltak i landbruket i Vestland dei neste seks åra. Alle interesserte kan gi innspel innan fristen 30. juni 2021. Høyringsmøte for landbruk blir 11. mai.

Publisert 05.05.2021

Vassforvaltingsplan for Vestland vassregion for åra 2022-2027 er på høyring no. Dette inkluderer mellom anna tiltaksprogram med konkrete tiltak for å nå miljømåla. Høyringssvar kan sendast til fylkeskommunen innan fristen.

For landbruk blir det arrangert digitalt høyringsmøte 11. mai kl 1215 – 1445. Landbruksdelen i planen blir presentert og kommentert frå ulike aktørar, og med moglegheit til å gi munnlege innspel og stille spørsmål. Det er òg eit introduksjonsmøte 6. mai.

Fylkeskommunen: Høyring

Fylkeskommunen: Digitale høyringsmøte

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.